Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. TeknikkChevronRight
  5. BygningarChevronRight
  6. Lager og verkstadChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Lager og verkstad

Naturbruksnæringane har ofte eit stort behov for lagerplass, avhengig av kva type næring eller produksjon dei driv.

Traktor i garasje. Foto.

Gjødsellager

Dei fleste husdyrproduksjonar treng eit gjødsellager. Sidan vi ikkje kan spreia husdyrgjødsel på jorda om vinteren, må lageret vera stort nok for gjødselproduksjonen gjennom åtte månader. Lageret må ikkje ha lekkasjar, og det må sikrast slik at ikkje barn eller vaksne kan falle nedi. Tankar og siloar utandørs må sikrast med eit minst 1,5 meter høgt gjerde eller tilsvarande.

Fôrlager

Innanfor husdyrproduksjonane må vi ha lager til kraftfôr og nokre til grovfôr. Kraftfôr vert gjerne lagra i siloar (store tankar av plast eller stål). Gras til surfôr vert lagra i store ballar, rundballar og firkantballar, eller i siloar av betong eller stål. Siloar kan vera tårnsiloar eller liggjande plansiloar (betong). Lageret for surfôr må ha oppsamling for pressaft. Graden av mekanisering bestemmer kva lagringsmetode som skal nyttast. Plansiloar er lettast å mekanisera, og har svært stor kapasitet under haustinga.

Skal vi tørka gras til høy, krev det ofte at vi har innandørs tørking, låvetørke. Det mest vanlege er å fortørke graset ute på bakken i ein–to dagar for å få bort det meste av vatnet, samla det saman og transportera det inn på ei låvetørke. Her vert det fortørka graset tørka ferdig ved hjelp av luft frå kraftige elektriske vifter. Låvetørking er ein kostbar metode. Å varma opp tørkelufta ved hjelp av eit solfangartak kan gi kortare tørketid og dermed sparte kostnader til elektrisk kraft.

Kornlager

Før korn kan lagrast over tid, må det vanlegvis tørkast. Avhengig av vêret og kvar vi dyrkar korn i Noreg, er innhaldet av fukt ved hausting så høgt at kornet må tørkast i ei korntørke, anten kaldluftstørke (mest vanleg) eller varmluftstørke. I ei varmluftstørke må lufta varmast opp ved hjelp av eit varmeaggregat, i kaldluftstørker bruker vi uteluft utan oppvarming. Vassinnhaldet må reduserast slik at ikkje bakteriar, sopp eller smådyr kan øydeleggja kornet under lagringa. Det er òg nødvendig å køyra luft gjennom kornmassen for å unngå varmgang.

Temperaturen og fukta i kornet ved hausting er avgjerande. Kraftige elektriske vifter transporterer luft inn i kornmassen via luftekanalar. Etter at tørkinga er avslutta, vert kornmassen lagra vidare på tørka fram til kornet kan leverast til mottakarar (møller). Kvaliteten på kornet ved levering må vera god. Spesielt er mugg farleg. Dersom dårleg korn vert brukt til dyrefôr, kan det gi dyra dårleg appetitt og i verste fall føra til sjukdom og kasting (fosterdød). Har du mugg i matkornet, får du ikkje levera det.

Potet og grønsaker

Planteproduksjonar som potet- og grønsaksproduksjon må ha gode lagringsforhold dersom varene skal lagrast ein periode. Rett temperatur og luftfukt er viktig, med godt isolerte hus, kjøleanlegg for å halda rett temperatur, og gjerne med utstyr for luftfukting. Slike lager er ofte kombinerte med pakkrom med utstyr for sortering og pakking.

Maskiner og reiskapar

Maskiner og reiskapar utgjer ein svært stor kapital i dei fleste naturbruksnæringar. Mange maskiner vert brukte berre ei kort tid i året, resten av tida står dei ubrukte. Kontakt med gjødsel, salt, gras og andre stoff gjer at grundig vasking og vern er viktig for å unngå korrosjon og andre skadar på maskinene. Ein funksjonell vaskeplass og hus for lagring og vedlikehald av maskinene gir betre driftstryggleik og lengre levetid for maskinene. Vedlikehald og reparasjonar er gjerne vinterarbeid, så oppvarming av verkstadsrom er viktig for å gi eit godt arbeidsmiljø. Verkstadsrom skal vera godkjende for varme arbeid (sveis, vinkelslipar).

Hugselappen

I naturbruksnæringane er det behov for lagerplass, for eksempel til:

  • gjødsel
  • fôr
  • potet, frukt og grønsaker
  • maskiner og reiskapar

Læringsressursar

Bygningar

SubjectEmne

Fagstoff