Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. TeknikkChevronRight
  5. BygningarChevronRight
  6. Vedlikehald av bygningarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Vedlikehald av bygningar

Vedlikehald av bygningar er ei stor og viktig arbeidsoppgåve gjennom heile året. Mange av desse oppgåvene må leggjast til bestemte tider av året.

Hausten

Hausten er tida for å klargjera hus til vinteren:

  • Tak og vindauge må sikrast før vinterstormane.
  • Takrenner må reingjerast.
  • Nedløp må vera opne for å ta unna store nedbørsmengder.
  • Vasskraner må tømast og stengjast i kjellarar og uisolerte hus.
  • Ventilar må stengjast for å hindra at kald luft og uønskte smådyr kjem inn.

Vinteren

Vinteren kjem med snø, noko som kan skada bygningar:

  • Snø må fjernast frå tak på hus og hytter. Å måka av taket kan hindra overbelastning og skadar.
  • Ettersyn og eventuelt tining av frosne vassrøyr og kraner er nødvendig for å unngå vasskadar til våren.
  • Reparasjonar og vedlikehaldsarbeid innandørs legg vi ofte til sein haust og vinter. Då er det færre arbeidsoppgåver utandørs.

Våren og sommaren

Når våren og varmen melder seg, må vi klargjera for ny produksjonssesong. Det er viktig å få reparert småskadar med ein gong:

  • fjerna stengsel frå vinteren
  • opna vasskraner
  • lufta ut
  • sjå etter skadar på takstein og takrenner og reparera dei
  • sjekka for andre skadar etter snø og vinterstormar

Større reparasjonar og arbeid må planleggjast:

  • målingsarbeid
  • større utskiftingar
  • andre typar utvendig vedlikehald

Utvendige arbeidsoppgåver er ofte vêravhengige, og aktiviteten må tilpassast det. Når det er snakk om større arbeid, treng vi kanskje å leiga inn fagarbeidarar for å få utført dei.

Måling av hus

Målingsarbeid kan du gjera sjølv. Du må førebu arbeidet grunding:

  • Dersom veggen er behandla frå før, må du ta omsyn til kva måling som har vore brukt.
  • Kanskje veggen bør vaskast?
  • Gammal måling må skrapast bort og ròteskade utbetrast før du kan starta målinga.
  • Nytt trevirke må vera heilt tørt før du måler.
  • Målingsarbeid er ofte knytt til arbeid i høgda. Til enkle oppgåver kan ein god stige vera tilstrekkeleg, men ved større arbeid i høgda bør eit stillas setjast opp.
  • Bruker du innleigd arbeidskraft til målingsarbeidet, må du setja deg inn i forskrifter for bruk av stillas og for arbeid i høgda.

Læringsressursar

Bygningar