Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. TeknikkChevronRight
  5. Reiskapar og utstyrChevronRight
  6. Tau og tauverkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Tau og tauverk

Tauverk vert brukt i mange ulike naturbruksnæringar. Tau vert laga i ulike materialar, tjukkleikar og med ulike metodar. Tradisjonelt var det reipslagaren som laga tau på noko som vart kalla ei reiparbane, og yrkestittelen var reipslagar.

Nylontau

Nylontau er laga av polyamid eller polyester. Polyamid er sterkast. Tau av polyamid er elastisk og eignar seg som slepe- og fortøyingstau, surreline til presenning, til lastenett, surringstau, løftestroppar, klatrenett og taustigar. Polyester er mjukare og meir fleksibelt.

Polypropylen

Dette tauverket vert laga i fleire variantar. Det har høg brotstyrke og låg vekt, slik at det flyt. På grunn av vekta er det også rimeleg. Noen typar toler ikkje gnag. Tauet har fleire forskjellige bruksområde på land og sjø, og vert brukt som garntelner, iler, taljetau, stroppar, fortøyingstau og tau i lystbåtmarknaden.

Polyetylen

Tau av polyetylen toler gnag og er lett slik at det flyt. Det er glattare og stivare enn dei andre typane syntetisk tau og er rimelegare. Det er mest bruk som fortøyingstau, som garnankertau eller iletau. Det største bruksområdet for polyetylen er som fletta eller tvinna trålnett.

Blandingstau

Ved å blanda fibrar kan vi kombinera dei beste eigenskapane til materialane i eitt produkt. Nordkappline er eksempel på blandingstau.

Danline

Danline er eit tau laga av polypropylen og polyetylen. Dei vanlegaste bruksområda er som laste- og klatrenett og som tauverk i forankringssystem. Det er mykje bruk i fiskeflåten. Strukturen i tauet gjer at det har svært gode eigenskapar ved spleising. Det bør ikkje oppbevarast i direkte sollys. Tauet absorberer ikkje fukt, og er resistent mot syrer og alkali. Det har høg brotstyrke og flyt.

Naturfiber

Naturfibertau er mindre brukt i tauverk i dag. I tidlegare tider var dette tauet einerådande, men er utkonkurrert av syntetisk tau.

  • Sisal, fiber frå ei tropisk agaveplante, og manila, laga av banantrefiber, vart tidlegare mykje brukt i tauverk. Dette er sterke naturfiber som blant anna vert brukt til tynnare tauverk. Manilatau er lett, elastisk og motstandsdyktig mot ròte i sjøvatn. Til sjøs vart dette tauet mykje brukt til løpande rigg, taljeløparar og liknande.
  • Kokostau, som er framstilt av kokosnøttfibre, er lettare, men har tilnærma same brotstyrken som manilatau. Det toler vatn og vekslande væte og tørke. Tauet vart mykje brukt til anker og fortøyingar.
  • Bomullstau er mjukt og slitesterkt og var tidlegare nesten einerådande som seilduksmateriale.
  • Hampetau, som er lite elastisk, men svært strekkfast, vart brukt på seglskip til ståande rigg. Hampetau i dag vert framstilt på ein forenkla måte og er lite brukt i fiskereiskapar. Bruksområde er sperregarn og til tauverk. Hampetau vert brukt på eldre båtar, eller der det er strenge miljøkrav. Det ròtnar raskt når det er fuktig, går i oppløysing og forsvinn i naturen.

Ståltau

Av ståltråd vert det laga ståltau, vaier. Vaier kjem av det engelske ordet «wire rope».

Tau og reimer av lêr og skinn

Det vert også laga tau av skinn, lêr og anna materiale frå dyreriket. Seletøy til hest og andre ridedyr vert laga av mjukt skinn. I samisk handverk, duodji, bruker ein sener frå reinen som sytråd. Fleire sener vert slått eller fletta til tjukkare tau.

Finn ut:

Kva for typar tau og tauverk finst i driftsbygningane, verkstaden og arbeidsstasjonane på skulen? Finn ut kvar materialar tauverket består av, og kva eigenskapar og bruksområde det har. Lag ein plakat med taubitar eller bilete.

Læringsressursar

Reiskapar og utstyr