Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. TeknikkChevronRight
  5. Motorar og maskinerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Elektriske motorar

Ein elektrisk motor omformar elektrisk energi til mekanisk energi i ei roterande rørsle. Rørsla vert overført via ein aksling til ei maskin. Elektriske motorar vert brukte til mange ulike arbeidsoppgåver, både til drift av stasjonære maskiner (fast plassering) og maskiner i rørsle.

Stasjonære maskiner får til vanleg elektrisk straum frå leidningsnettet. Dei må koplast til ein elektrisk kontakt, medan maskiner i rørsle får straum frå straumførande skjener (tog) eller luftspenn (trikk). Elektriske bilar må få straum frå eit batteri. Batteri vert i dag også mykje brukte til å driva små elektriske maskiner, til dømes verktøy som boremaskiner, sager og skrutrekkjarar.

I Noreg produserer vi for det meste elektrisk energi av vasskraft, som er ei fornybar energikjelde. Ideelt sett kunne elektrisk energi ha vore brukt i endå større grad til drift av maskiner og motorar, men då må tilgangen på elektrisk energi aukast. Elektriske motorar som vert brukte stasjonært, er som oftast vekselstraumsmotorar. Dei har lang levetid og er svært driftssikre. Vi skil mellom einfase- og trefase-motorar, der større motorar gjerne er trefase.

Generator

Ein generator arbeider som ein elektrisk motor, men i motsetning til elektriske motorar som produserer mekanisk energi, produserer generatoren elektrisk energi. Eit eksempel på ein generator finn vi i køyretøy. Her vert han kalla dynamo. Når køyretøymotoren går, roterer dynamoen med. Rotasjonen gir elektrisk energi til for eksempel lys, vifter og batterilading. Eit anna eksempel på ein generator finn vi i vasskraftverk, der generatoren vert driven av ein vassturbin og produserer elektrisk straum.

Elbilar

Køyretøy som går på elektrisk straum, har dei siste åra hatt ei rivande utvikling. Miljøomsyn, særleg i byar, har ført til ei stor satsing på elbilen. Elbilen er driven av elektrisk straum frå eit batteri og må ladast etter ei viss køyrelengde. Betre batteriteknologi gjer at elbilen i dag er eit godt alternativ for mange brukarar, særleg i bynære strøk.

Brenselsceller er ei anna og svært interessant energikjelde for drift av elbilar i framtida.

Hybridbilar er ein kombinasjon av elbil og bil med forbrenningsmotor. Ein generator som vert driven av forbrenningsmotoren, ladar batteriet, som igjen gir elektrisk energi til å driva bilen. Når batteriet nærmar seg utlading, byrjar forbrenningsmotoren å arbeida. Ladestasjonar for hybridbilar gjer ein mindre avhengig av å bruka forbrenningsmotoren utover det absolutt nødvendige.

Hugselappen

  • Elektriske motorar får straum frå straumnett eller batteri.
  • Generatorar lagar elektrisk straum.
  • Elbilar må ladast.
  • Hybridbilar går både på straum og brennstoff.

Læringsressursar

Motorar og maskiner

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter