Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Jord og jordsmonnChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Jord og jordsmonn

Vi bruker gjerne ordet jord om blomsterjord eller matjord. Sand og grus er også døme på jordtypar. Jord er vekstmediet som plantene har røtene sine i. Alle som dyrkar eller steller planter, må kunna noko om jord. Dei ulike typane jord har ulike eigenskapar som påverkar forholda for planteveksten.

Miljøvern - ung plante

Jord

Jord er alt lausmaterialet av uorganisk og organisk opphav over fast fjell. Holromma (porene) mellom dei faste partiklane er fylte med jordluft og jordvatn.

Lausmaterialet kan delast inn i jordartar og jordsmonn. Jordartane er delte inn etter kjemisk og mekanisk samansetjing, korleis dei har oppstått, og kva materiale dei har oppstått av. Dei fleste av jordartane i landet er avsette i smelteperioden under og etter siste istida for 13 000–8500 år sidan.

Etter at jordartane vart danna, har klimaet og levande organismar forma ulike typar jordsmonn – bestemt av topografien og kor lenge prosessane har gått føre seg.

Jordartar

Ein jordart er jord som vert bestemt ut frå korleis ho er sett saman mekaniske eller kjemisk, korleis ho er danna geologisk, og kva det geologiske opphavsmaterialet var.

Mekanisk samansetjing

Ein jordart er skildra mekanisk etter samansetjinga av partiklar og diameteren på grupper av dei. Dei grøvste partiklane er blokk og stein. Dei finare partiklane som grus, sand og silt er igjen delte opp i undergrupper som vist i tabellen. Dei aller finaste partiklane er leir.

Jordart
Diameter (mm)
Blokk > 200
Stein 60 - 200
Grus 2 - 60

grov20 - 60

middels
6 - 20

fin2 - 6
Sand 0,06 - 2

grov0,6 - 2

middels0,2 - 0,6

fin0,06 - 0,2
Silt 0,002 - 0,06

grov0,02 - 0,06

middels0,006 - 0,02

fin0,002 - 0,006
Leir < 0,002

Mineralske jordartar er grupperte etter kor mykje dei inneheld av den dominerande kornstorleiken. Grusgjord består hovudsakleg av grus, ho slepper vatnet lett gjennom og har lita evne til å halda på vatn. Dersom jordarten er dominert av kornfraksjonen sand eller finare, bestemmer den prosentvise fordelinga mellom sand, silt og leir kva jordart han høyrer til. Rein sandjord inneheld over 85 prosent sand (mest kvartskorn). Morenesand og morenegrus har blanda kornstorleik, større eller mindre innhald av finpartiklar og kan ha eit betydeleg næringsinnhald. Sedimentær sand og grus har meir einsarta kornstorleik, og er utvaska og næringsfattig. Rein siltjord inneheld over 80 prosent silt. Inneheld jordarten meir enn ti–tolv prosent leir, får jordarten -leire i namnet sitt (til dømes siltig lettleire, sandig mellomleire og så vidare).

Geologisk inndeling

Dei fysiske og kjemiske eigenskapane til jordpartiklane er bestemt av det geologiske opphavet til jorda, kva mineral dette opphavet bestod av, og korleis jorda har forvitra fysisk og kjemisk. Dei fysiske og kjemiske eigenskapane til jordarten, geologisk danning og opphavsmateriale dannar i lag utgangspunktet for korleis klimaet og dei levande organismane som seinare har kome til, har utvikla dei ulike jordsmonna vi finn i dag. Jordsmonndanninga er også påverka av topografien.

Ei geologisk inndeling av jordartane gir oss seks ulike grupper etter korleis dei er danna:

  1. forvitringsjord (danna på staden)
  2. organisk jord (danna på staden)
  3. morenejord (flytta med isen)
  4. sedimentær jord (flytta med vatn)
  5. flygesand (flytta med vind)
  6. skredjord (flytta ved hjelp av eiga vekt)

Jordartane delte inn etter geologisk opphav

Forvitringsjord

Forvitringsjord vert danna på staden ved kjemisk forvitring, til dømes i møte med svak syre (som HCO3 i vatn) eller fysisk forvitring, som til dømes frostsprenging. I Noreg er forvitringsjord lite utbreidd, men ho finst over bergartar som kalkstein og skifer. Dette er bergartar som forvitrar lett. Overgangen mellom forvitringsjorda og berggrunnen under er gjerne uskarp, og jordarten er lite einsarta.

Organisk jord

Organisk jord vert danna på staden ved at opphopinga av organisk materiale er større enn nedbrytinga. Dette er ofte tilfelle der det er anten kaldt eller vått (lite oksygen), eller begge delar. For at jordarten skal kallast organisk jord, må innhaldet av organisk materiale vera høgare enn 40 prosent i minimum 40 cm tjukkleik på udyrka mark. Av organiske jordartar i Noreg er det torvjord som har størst utbreiing. Vi finn torv og myr særleg i høgareliggjande strøk i Søraust-Noreg og i Finnmark, og på nokre øyar på Nord-Vestlandet.

Morenejord

Morenejord består av svært dårleg sortert materiale som isbreane har avsett. Partikkelstorleiken varierer frå leir til blokk, og alt er blanda saman utan noka form for system. Derfor er det heller inga lagdeling frå topp til botn i morenejord. Det er vanleg å finna mykje stein og blokker i norske morenar, og dei kan utgjera 30–70 prosent av totalvolumet. Resten vert fylt opp av mindre partikkelstorleikar, men leirinnhaldet er ofte mindre enn ti prosent. Det finst samanhengande tjukke lag morenejord i Noreg, og dei utgjer 20–30 prosent av landarealet. Dei største kontinuerleg tjukke morenedekka finst på Jæren, på Finnmarksvidda og i indre delar av Austlandsområdet. Morenejorddekket i Noreg består likevel for det meste av usamanhengande tynnare lag på mindre enn éin meter. Derfor finst ofte også bert fjell saman med morenejord.

Sedimentære jordartar

Sedimentære jordartar er flytta med vatn, og er karakteriserte av godt sortert materiale som ofte har ei tydeleg vertikal lagdeling. Dei sedimentære jordartane er delte opp i:

  1. breelvavsetjingar (transporterte og avsette av smeltevatn frå isbrear)
  2. bresjøavsetjingar (avsette i bredemde sjøar, ferskvatn)
  3. strandavsetjingar (utvaska og avsette av bølgjer og straumar i strandsona)
  4. elve- og bekkeavsetjingar (transporterte og avsette av strøymande vatn etter istida)
  5. hav- og fjordavsetjingar (avsette under marin grense, i hav)

Flygesand

Flygesand, eller vindavsetjingar, er lite utbreidd i Noreg – eitt eksempel er eit flygesandområde nær Elverum. Dette er avsetjingar av godt sortert finsand eller mellomsand som vinden har ført med seg.

Skredjord

Skredjord vert danna når forvitra materiale i bratt lende rasar nedover og samlar seg ved overgangen til svakare helling terrenget. Dette er ofte samlingar av stein og blokk i eit såkalla blokkhav. På somme lokalitetar finst det også finmateriale under den stein- og blokkrike overflata.

Jordsmonn

Jordsmonnet er det øvste laget av alt laust materiale over fast fjell (lausmassar) som er påverka av klima og levande organismar. Desse prosessane gjer at jordsmonnet skil seg ut frå undergrunnsjorda. Dei jordsmonndannande prosessane påverkar jordsmonnet frå overflata og nedover. Jordsmonnet utviklar derfor gradvise variasjonar i samansetjing og farge nedover mot undergrunnsjorda.

Jordsmonndannande faktorar

Jordsmonndanning er også bestemt av dei jordsmonndannande faktorane. Desse faktorane er:

  1. klima
  2. organismar (vegetasjon + dyreliv)
  3. opphavsmateriale (korleis jordpartiklane er danna, og kvar dei kjem frå)
  4. topografi
  5. tid
  6. menneskeleg aktivitet

Desse faktorane kan vera med på å bestemma korleis dei kjemiske reaksjonane i jorda går føre seg, kor mykje vatn jorda kan halda på, risikoen for erosjon og den lokale meteorologien i området. [1]

  1. 1«Jord i Store norske leksikon». Åsgeir Rossebø Almås. 2016.

Læringsressursar

Jord og jordsmonn

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Jordvern

  • SubjectMaterialFagstoff

    Jord

  • SubjectMaterialFagstoff

    Pløying

  • SubjectMaterialFagstoff

    Mindre matjord, fleire munnar å mette

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter