Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. BiologiChevronRight
  5. Dyr og fiskChevronRight
  6. Velferd for fisk og andre vasslevande dyrChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Velferd for fisk og andre vasslevande dyr

Dyrevelferdslova stiller krav til korleis fisk og andre vasslevande dyr skal ha det i oppdrett og under fiske- og fangstaktivitetar.

Fiskevelferd

Utgangspunktet for lovgivinga om dyrevelferd er at dyr har ein verdi i seg sjølv utover den verdien dei har for oss menneske. Når menneska grip inn i levemåten til dyra ved at vi held dei i fangeskap eller jaktar på dei, har vi eit ansvar for at dyra har det bra, og at dei ikkje lir unødig.

Oppdrettsfisk

Å halda dyr i fangenskap inneber at vi har teke frå dyret høvet til å kome seg vekk frå stader med dårlege livsvilkår. Vi har dermed teke på oss ansvaret for at dyret skal ha nok rom rundt seg, eit optimalt miljø og tilgang på mat. I tillegg må vi ta ansvar for at fisken har god helse. For oppdrett handlar dette blant anna om at vi må halda kontroll med mengda lakselus på fisken.

For å utøva godt dyrehald må vi ha kunnskap om den naturlege levemåten til dyret, og om behova, utsjånaden og åtferda til dyret. Vi må følgja med, registrera avvik og setja i verk tiltak. Tiltaka krev ofte spesiell kompetanse, for eksempel veterinær, men det er røktaren som har dagleg tilsyn og som må kunna registrera avvik.

Dyrevelferd ved fiske, fangst og jakt

Dyrevelferdslova gjeld for villfisk, krabber, reker, blekksprut og andre vasslevande dyr. Jakt, fangst og fiske skal utøvast på ein forsvarleg måte for dyrevelferda.

Visste du

  • at fiskaren eller jegeren er pålagde å redusera påkjenninga for dyret mest mogleg? Dette omfattar både å vurdera kva reiskapar som vert brukte, korleis jakta vert utøvd, og korleis dyret vert avliva.
  • at det ikkje er lov å riva klørne av krabba og sleppa ho levande ut att?
  • at fisk under minstemål berre kan sleppast ut dersom han ikkje er skadd?
  • at føremålet med jakt og fangst skal vera å skaffa mat?
  • at «fang og slepp» er tillate på grunn av ein unntaksregel og stiller særlege krav til aktsemd?

Yrkesutøving og allmenta

Folk er i dag generelt meir opptekne av at dyr har ein eigenverdi og at dei ikkje skal påførast unødig liding. Vi som jobbar i sjømatnæringa, må derfor visa at vi tek dyrevelferda på alvor. Det gir næringa eit godt renomme og sikrar at marknaden er positiv til produkta vi leverer.

Læringsressursar

Dyr og fisk