Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. BiologiChevronRight
  5. Dyr og fiskChevronRight
  6. Dyr og miljøChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Dyr og miljø

Dyra er tilpassa miljøet dei naturleg lever i. Når vi driv jakt eller fangst, er det kunnskapen vi har om åtferda til dyra og krava dei stiller til miljøet, som fortel oss kvar vi skal leite etter dei. Når vi held dyr i fangenskap, må vi skape omgivnader som dyra trivst i.

Rein på sommerbeite. Foto.
Rein på sommerbeite

Reinen er ein planteetar som naturleg vandrar over store avstandar for å finna godt beite. På vinteren søkjer han til område der han klarer å grava seg gjennom snøen for å få tak i lav og mose. Den som held rein som husdyr, må ha kunnskap om dette for at reinflokken skal veksa og trivast.

Vêr og klima

Polarhund som har rullet seg sammen for å sove. Foto.

Ulike artar av dyr er tilpassa ulike klima. Pattedyr og fuglar har konstant kroppstemperatur, og dei må passa på at dei ikkje vert kjølte ned når temperaturane er låge. Derfor har dei ofte pels eller fjør som hindrar varmetap til omgivnadene. Og er det skikkeleg surt og kaldt, rullar dei seg saman til ein ball. Sel og kval har tjukke lag med spekk som isolasjon. Dyr som er tilpassa høge temperaturar, har ofte glatt hud og lange bein og øyre. For desse dyra er det viktig å kunna kvitta seg med kroppsvarme. Flyttar vi dei til eit kaldare klima, får dei problem med å halda oppe kroppstemperaturen. Dei vil frysa.

Vekselvarme dyr

Svømmende atlanterhavslaks. Foto.

Hos vekselvarme dyr er kroppstemperaturen den same som temperaturen i omgivnadene. Dei fleste vekselvarme dyr vert trege når temperaturane vert låge. Mange vil gå i dvale. Også veksten til desse dyra vert påverka av temperaturen. Ein laks vekser nesten dobbelt så fort ved 11 °C som ved 1 °C.

Fysiske omgivnader

En liten apekatt balanserer på et tau. Foto.

Eit beitedyr som vert jakta på av rovdyr, må ha bein for å springa fort. Slike dyr er vande til å bevega seg mykje. Skal dyret derimot finna maten sin i trea, må armane og beina eigna seg for klatring. Då kan det henda at dei ikkje eignar seg like godt til springing. Det er også sannsynleg at det då kjennest lite trygt å opphalda seg på bakken, og at dyret ikkje har det så bra dersom det ikkje får klatre. Mange dyr liker å skjula seg for å kjenna seg trygge når dei skal kvila. Andre liker å sitja høgt oppe for å få oversikt over omgivnadene. Då er det viktig at dei får høve til det.

Vatn og salt

Dyr som lever i tørre område, har nyrer som gjer jobben sin med å skilja ut avfallsstoff sjølv om tilgangen på vatn er dårleg. Fiskar som lever i saltvatn, har mekanismar i gjeller og nyrer som skil ut saltet dei får i seg når dei drikk. Motsett må fisk i ferskvatn ha mekanismar som gjer at dei greier å halda på saltet i kroppen.

Næring

Anatomien hos dyra er tilpassa den naturlege føda. Blant småfuglane ser vi forskjell på nebbet hos dei som et frø, og dei som et insekt. Rovdyr har tenner som er svært forskjellige frå tennene til drøvtyggjarane. Fuglar som et frukt, har fargesyn, men det har ikkje kyrne som berre et gras. Også fordøyelsessystemet til dyra varierer etter kva dei et.

Finn ut

Vel eitt av dyra de jobbar med i produksjonsfag. Finn ut mest mogleg om korleis dyret lever i vill tilstand. Kva slags klima lever det i? Kva et det? Korleis oppfører det seg?

Dyr vi har hatt i fangenskap i lange tider, har gjennom avl endra seg litt frå slik dei opphavleg var. Finn ut korleis dei dyra dei stammar frå, levde. Arbeid saman i grupper og presenter det de finn ut.

Diskuter korleis vi kan gi desse dyra best mogleg vilkår i fangenskap.

Læringsressursar

Dyr og fisk