Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. BiologiChevronRight
  5. Dyr og fiskChevronRight
  6. Formeiring hos fiskChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Formeiring hos fisk

Dei fleste fiskar har ytre formeiring og ingen yngelpleie. Forsking har gitt oss kunnskap om gytevandringane til fisken og åtferda på gytefelta. Fiskeria er ofte knytte til gytevandringane. For å lykkast med fisk i oppdrett må vi kjenna kva krav larvar og yngel stiller til miljøet.

Gytevandringar

Fisk kan vandra over store avstandar for å finna gunstige gyteplassar. På ein gunstig gyteplass har vatnet

  • rett temperatur, slik at egget modnar
  • rett tettleik, slik at egget held seg flytande
  • føde til fiskelarven når han skal ta til å eta

Skreien, vandretorsken, kjem inn mot kysten for å gyta om vinteren. Hannen og hoa slepper sperma og egg i vassmassane, og det befrukta egget flyt rundt i 15–20 dagar før det klekkjer. Den nyklekte larven har med seg ein liten matpakke, plommesekken, som har næring nok til fem–seks dagar. Etter det må larven finna mat.

Torskelarve. Foto.
Den nyklekte larven lever på næringa i plommesekken den første tida etter at han er klekt.

Planteplankton, raudåte og vandringane til torsken

Planteplankton blomstrar når dagane vert lengre om våren. Sola sørgjer for fotosyntesen, men plantene treng også næringssalt, og dei finst på havbotnen. Botnstraumar i havet fører næringsstoff opp i vassøyla, og når det næringsrike vatnet kjem opp i lyset, ligg alt til rette for god plantevekst.

Når planteplanktonet blomstrar, er det mat til dyreplanktonet. Derfor finn vi raudåte og andre planktonartar der det er planteplankton. Denne samlinga av plankton er viktig mat til planktonetarar, både fiskelarvar og vaksne planktonetarar.

Dette er grunnen til at skreien gyter langs norskekysten, og grunnlaget for det viktigaste fiskeriet i Noreg: vinterfisket etter skrei. Dei befrukta torskeegga flyt rundt i vassmassane saman med planktonet, og larvane vert fødde midt i matfatet. Dei må læra seg å eta – og å unngå å verta etne!

Formeiring hos oppdrettsfisk

Når vi skal driva oppdrett av ein art, må vi kunna kontrollera formeiringa. Vi må vita når den vaksne fisken er gyteklar, så må vi samla opp egg og sperma og føra dei saman.

Laksefisk har store, næringsrike rognkorn. Når egga er befrukta, går det fleire veker før dei vert klekte. Omtrent midtvegs i denne perioden vert auga til larven synlege inni egget. Egget utviklar seg fortare til høgare temperaturen er. Den nyklekte larven har plommesekk, men når han er brukt opp, må larven finna mat.

Laksen gyter i elvar, og yngelen lever den første delen av livet sitt i ferskvatn. Derfor skjer den første delen av lakseoppdrett i ferskvatn. I elva må yngelen læra seg å finna mat på elvebotnen. I oppdrett får yngelen spesialfôr som vi kallar startfôr.

Hugselappen

Fisk gyter rogn og mjølke.

Befruktninga skjer i dei frie vassmassane.

Gytinga skjer der larven kan finna mat.

Læringsressursar

Dyr og fisk