Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. BiologiChevronRight
  5. PlanterChevronRight
  6. Transport av stoff i planterChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Transport av stoff i planter

Vatn og næringsstoff som plantene er avhengige av for å leva, veksa og formeira seg, vert transporterte på ulike måtar frå ein del av planta til ein annan.

Her kan du lesa om kva næringsstoff plantene er avhengige av: Plantenæring

To transportvegar

Det er to transportvegar i planta. Den eine går frå blada og ut i vekstsoner som skot og frukt, eller ned i rota. Dette er transporten av fotosynteseproduktet sukker (glukose), som vert omdanna til stivelse eller fruktose (i frukt). Denne transporten går i det som vert kalla silrøyr.

Den andre transporten går frå rotspissane og opp i planta. Her vert vatn og makro- og mikronæringsstoff transporterte til vekstpunkt og til blada, der dei trengst i fotosyntesen og for å byggja planteprotein. Næringsstoffa vert transporterte med vatnet, og transporten stoppar om det vert mangel på vatn. Denne transporten skjer i det som vert kalla vedrøyr.

Her kan du sjå ei filmsimulering av Vasstransport i planter

Tre viktige krefter

Det er tre viktige krefter som gjer at plantene klarer å transportera vatn og næring:

Den første krafta heiter osmose, og handlar om at det vert danna eit rott-trykk. Passiv transport – osmose: Enkelt forklart er det slik at næringsstoffa først vert transporterte aktivt inn, og så følgjer vatnet etter. Dette skaper eit osmotisk trykk som gjer at vatnet vert transportert oppover i rota.
Den andre krafta er kapillærkrafta. Det er den krafta som gjer at det er lettare å suga vatn opp i eit tynt sugerøyr enn i eit tjukt sugerøyr. Vatnet står høgare i tynne røyr enn i røyr som har større diameter. Transportrøyra i planter er veldig tynne, og derfor verkar kapillærkreftene på vatnet.
Den tredje krafta kjem frå transpirasjon og undertrykk. Når vatn fordampar frå blada, vert det skapt eit undertrykk som trekkjer vatnet opp. Vatn er polart. Det vil seia at det har ei positiv og ei negativ side, ein plusspol og ein minuspol. Vi kan seia at vatnet på ein måte er magnetisk, og at vassmolekyla heng saman, pluss mot minus. Når vatnet vert transportert oppover i dei tynne røyra, heng vassmolekyla etter kvarandre som perler på ei snor.

Illustrerer de ulike kreften som virker ved langtransport av vann hos planter
Vasstransport hos planter

Vasstransport i høge tre

Redwood. Foto.

Redwoodtre eller kystsequoia kan verta opptil 115 meter høge. For å transportera vatnet så høgt jobbar treet på grensa av det som er mogleg. Eigentleg er dei tre kreftene vi har nemnt, for svake til å klara å transportera vatnet så høgt opp, sjølv om dei verkar saman. Vi klarer ikkje ved hjelp av fysikklovene å gi ei fullgod forklaring på kvifor trea klarer å transportera vatnet så høgt. Sequoia kan verta opptil 2200 år gamle. Douglasgran er også blant dei høgste trea i verda på nær 100 m.

Hugselappen

Stoff vert transporterte gjennom plantene via

  • silrøyr
  • vedrøyr

Tre krefter medverkar til å transportere vatn og næring:

  • osmose
  • kapillærkrefter
  • transpirasjon og undertrykk

Læringsressursar

Planter

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Planter

  • SubjectMaterialFagstoff

    Ugras

  • SubjectMaterialFagstoff

    Belgvekstar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vanntransport i planter

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nitrogenfiksering

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    I veksthuset

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter