1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. BiologiChevronRight
  5. PlanterChevronRight
  6. PlanterChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Planter

Planter høyrer til planteriket. Planteriket består av landlevande planter og grønalgar. Dei fleste planter er produsentar og autotrofe, og dei har klorofyll og driv fotosyntese.

Mønster av planter. Foto.

At ei plante er autotrof, vil seia at ho dannar organiske stoff av enkle uorganiske stoff. Når ei plante gjer dette ved hjelp av sollyset, er ho fotoautotrof. Foto betyr lys.

Somme planter har ikkje klorofyll. Dei er avhengige av å snylta på andre. Dette gjeld for eksempel nokre orkidear, som har lite klorofyll eller manglar klorofyll.

Her kan du lesa meir om orkidear: Orkidear i Noreg

Algar

Algane er ikkje i nær slekt med plantene, men dei utfører fotosyntese og er produsentar. Derfor tek vi dei med her. Algar lever i vatn og er delte inn etter farge:

  • brunalgar
  • grønalgar
  • raudalgar

Algane i havet utgjer om lag ein tredjedel av all fotosynteseproduksjonen på jorda, og dei er grunnlaget for næringskjedene i havet. Blant dei eincella algane finn vi planteplankton, som er mat for dyreplankton. Planteplankton er så små at vi ikkje kan sjå dei, men nokre gonger kjem dei i så store mengder at vi kan sjå dei som farge på vatnet. Dette kallar vi for algeoppblomstring. Somme av desse algane kan vera giftige. For eksempel kan ei oppblomstring av blågrønalgar gi giftige blåskjel. Blågrønalgar er eigentleg bakteriar som driv med fotosyntese. Blant dei fleircella algane er tang, tare og sjøgras. Algar har ikkje rot, men eit festeorgan som held dei fast til underlaget. Dei har heller ikkje leidningsvev, men tek opp vatn og salt direkte gjennom celleveggen.

Grønalgar

Grønalgar er ein- eller fleircella organismar som driv fotosyntese. Dei lever i vatn eller fuktige miljø. Sjøsalat er eit døme på ein grønalge.

Raud snø

Vi tenkjer kanskje at planter ikkje kan bevega seg. Eit tre står for eksempel ganske stille heile livet. Nokre grønalgar har derimot flagellar som dei kan symja med, og dei har ein augeflekk med fotoreseptor som oppfattar lys. Dei kan då symja mot lyset for å utføra fotosyntese. Ein sånn alge er Chlamydomonas nivalis. Om våren kan vi sjå denne algen som ein raud eller rosa farge på snøen. Raudfargen vernar klorofyllet mot det sterke lyset på snøen – akkurat som vi vernar oss med solbriller og krem med solfaktor i påskefjellet. Algen får vatn frå snø som smeltar, og han får mineral og anna næring frå støv som vinden fører med seg. Algen produserer også frostvæske slik at han kan tola fleire kuldegradar utan å frysa sund. Om våren når temperaturen stig og snøen smeltar litt, sym algen opp med flagellane sine for å driva fotosyntese.

Landlevande planter

Då plantene erobra landjorda, var utfordringane mange. Ei utfordring var tyngdekrafta, som gjorde at dei måtte danna stive cellevegger, stilkar og stammar. Vatn måtte transporterast. Plantene utvikla vokslag for å hindra vatnet i å fordampa, slik at dei kunne tola tørke. Dei måtte også utvikla frø som verna plantefosteret med eit skal, og som har med frøkvite som matpakke.

Vi deler landlevande planter inn i tre kategoriar:

  • mosar
  • karsporeplanter
  • frøplanter

Det finst meir enn 300 000 planter som vi kjenner til, og av dei er ca. 19 000 mosar, 13 000 karsporeplanter og resten er frøplanter.

Mosar og karsporeplanter

Mosar og karsporeplanter formeirer seg ved å senda ut sporar som vert spreidde med vinden. Sporane har ikkje med seg nokon matpakke slik som frø hos frøplantene har. For å kunna spira er dei derfor avhengige av å hamna på rett vekseplass med rett fukt. Sporane veks ikkje opp til ny sporeplante. Sporeplanter har noko som vert kalla generasjonsveksling. Vi tek ikkje dette for oss her, men om du vil læra meir om det, kan du gå hit: Formering hos moser

Frøplanter

Frøplantene utvikla seg for om lag 350 millionar år sidan. Dette var ei tilpassing til eit tørrare og kjøligare klima. Eit frø kan overleva lenge og venta på det rette augeblikket før det spirer. Det kan også transporterast over store avstandar. Dette har gitt frøplantene eit fortrinn som gjer at dei er dei dominerande plantene på landjorda i dag. Vi deler frøplantene inn i to typar:

  • nakenfrøplanter
  • dekkfrøplanter

Nakenfrøplanter

Nakenfrøplantene er den eldste og mest primitive typen av frøplanter. Bartrea våre høyrer til nakenfrøplantene. Dei har eigentleg ikkje blomstrar, men noko som liknar på blomster. Konglene er frøhus som held på frøa til dei er mogne. Pollen og frø vert spreidde med vinden.

Dekkfrøplanter

Dekkfrøplantene er mest talrike, og i Norge har vi omtrent 2800 artar. Desse plantene har blomster, og vi kallar dei derfor også blomsterplanter. Blomsterplantene formeirar seg ved pollinering. Pollen kan spreiast på mange ulike måtar: med fuglar, insekt, vind eller på vatn. Frø vert også spreidde på mange ulike måtar: med vinden som løvetannfrøa, dei flyt med vatnet som kokosnøtta, dei haikar i magen på fuglar som rognebæra, eller dei set seg fast i pelsen hos dyr som borrane.

Ønskjer du å læra meir om frø, kan du besøkja denne sida: Frø

Læringsressursar

Planter

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Ugras

  • SubjectMaterialFagstoff

    Belgvekstar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter