1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. HestefagetChevronRight
  5. Hesten – bruk, aktivitetar og tryggleikChevronRight
  6. Sikker bruk av hest – del 2ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sikker bruk av hest – del 2

I alt arbeid med hestar er tryggleiken viktig. Både hestar og menneske må vera trygge. Tryggleik er like mykje førebygging av skadar og ulykker som forståing og kunnskap om instinkta, åtferda og behova til hestar.

Føresjå situasjonar

Mykje av omgangen vår med hestar handlar om å føresjå situasjonar, tenkje oss situasjonar på førehand. Hestar er flokkdyr og fluktdyr. Ein hest som kjenner seg trua, redd eller har det vondt, vil ofte prøva å flykta frå situasjonen. Dersom hesten ikkje kan flykta, prøver han å forsvara seg. Sjølv små hestar er langt sterkare enn mennesket.

Tryggleik er å ha gode rutinar

Det er nødvendig med gode rutinar for å vera trygge når vi arbeider med hestar. Gjennom gode rutinar tek vi også hand om behova til hesten, og er med på å førebyggja skadar og ulykker.

Hesten og mennesket

Ein hest er ikkje eit menneske, og åtferda til hesten skil seg vesentleg frå åtferda vår. For å forstå hesten må vi ha kunnskap om åtferda hans. Det er denne kunnskapen som ligg i botnen for eit trygt samspel med han.

Hesten kommuniserer i stor grad gjennom kroppsspråk, og kroppsspråket vårt er viktig når vi er i lag med hesten.

Finn ut meir:

Sjå filmen over og eventuelt filmen Trygg med hest 1. Svar på spørsmåla under:

a Kva reglar og rutinar vert praktiserte i filmen?

b Lag ei oppsummering av dei viktigaste punkta i filmen.

c Diskuter om du ville ha gjort noko annleis, og grunngi kvifor.

d Kva vil det seie at hestar har ei «sosial rangordning»?

e Kva legg du i uttrykket «tryggleik med hest»?
f Når kan ein hest føla trong til å forsvara seg?

g Kan ein hest verta «100 prosent sikker»? Kvifor eller kvifor ikkje? Grunngi svaret ditt med utgangspunkt i åtferda og instinkta til hesten.

i Kva vil det seia å vera eit godt førebilete for trygg omgang med hest?

Læringsressursar

Hesten – bruk, aktivitetar og tryggleik

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter