Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. HestefagetChevronRight
  5. Hesten – bruk, aktivitetar og tryggleikChevronRight
  6. Gangartane til hestenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Gangartane til hesten

Gangartane hos hest er skritt, trav og galopp. Somme hesterasar har også tølt og pass, som til dømes islandshesten.

Tempo

Innanfor gangartane er det ulike tempo. Definisjonen av tempo er knytt til kva bruksområde vi snakkar om. For ein travhest betyr tempo ofte tempo over ei viss lengd, som kilometertid. Kilometertid er kor lang tid – i minutt eller sekund – det tek for hesten å trava ein kilometer. I ryttarsport snakkar vi om tempo som meter per minutt. Det vil seia at det er steglengda som varierer, ikkje kor fort beina flyttar seg.

Steg

Sjølve steget kan delast i fleire moment. Først vert foten sett ned, deretter følgjer sjølve gjennomtrampet, så vert draktområdet løfta før hoven vert løfta opp frå bakken att. Ein annan måte å kategorisera steget på er

1 når hoven er i kontakt med underlaget
2 når hoven er i lufta over underlaget

Hovslagarar vurderer korleis hesten set hoven ned i bakken, og kan ofte forklara og korrigera avvik når dei skor hesten.

Vi bruker ofte uttrykket «overtramp» når vi vurderer gangartar og steg. Overtramp vil seia at eitt bakbein vert sett i eller framfor hovavtrykket frå frambeinet på same sida. Kor mykje er avhengig av gangarten og tempoet. Det er viktig å vera klar over at det kroppsbygnaden (det eksteriørmessige særpreget) til hesterasen har innverknad for korleis vi vurderer overtramp og steglengde.

Belastninga på eit hestebein kan utgjera meir enn det doble av vekta til hesten, avhengig av gangarten, tempoet og underlaget. Studer for eksempel ein hest i galopp og legg merke til kodeleddet når hesten set beinet i bakken.

Takt

Skritt skal ha ei tydeleg firetakt. Dette kan du høyra når hesten skrittar på hardt underlag. Hesten skal «marsjera» fram i ei rytmisk takt.

Trav er totaktig. Diagonale beinpar vert løfta opp og sette ned samtidig, og det gir ein svevfase i vekslinga mellom beinpara.

Galopp er tretaktig. I tretaktig galopp – ein rolig galopp – løftar hesten først det eine bakbeinet, så det andre bakbeinet samtidig med det motsette/diagonale frambeinet, og til slutt det andre frambeinet. Tretaktig galopp har ein svevfase der hesten har alle fire beina i lufta samtidig. Galopp kan vera firetaktig, men dette er i svært hurtig galopp – som veddeløpsgalopp.

Tølt og pass: I tølt set hesten eitt bein i bakken om gongen, som i skritt, men rørsla er raskare enn skritt. Tølt var opphavleg ein mykje brukt gangart når hesten vart brukt som framkomstmiddel i tidlegare tider. Tølt er ei firetaktsrørsle. I pass flyttar hesten beina på same sida samtidig, og dette er ei totaktsrørsle.

Eksteriør og rørsle

Korleis hesten bevegar seg, kjem an på kroppbygnaden til hesten, altså eksteriøret til hesten. Ein ridehestrase har ofte ei meir kvadratisk form enn ein hesterase som vert brukt til arbeidskøyring – den siste er ofte meir lågrektangulær. Vidare kan temperamentet til hesten påverka rørslene noko, og ikkje minst vert rørslene til hesten verta påverka når vi trenar hesten – anten det er frå bakken, under riding eller i køyring. Hesten er skapt for rørsle – som flokkdyr og fluktdyr ligg det i hestenaturen å kunne bevega seg dei fleste av timane i døgnet.

Kvifor er det viktig å vurdera gangartane og rørslemønsteret?

I all bruk ønskjer vi at hesten skal bevega seg korrekt, og at hesten skal vera lausgjord, arbeida villig framover, vera avslappa og ledig. Når hesten er lausgjort, arbeider han også taktmessig. Akkurat som vi menneske trenar muskulaturen til å gjera det vi ber han om, treng hesten også å gjera det. Korleis vi ønskjer at hesten skal bevega seg, varierer etter bruksområdet. Målet for travhesten er å trava fort, dressurhesten skal visa ulike tempo innanfor kvar gangart, arbeidshesten skal trekkja tunge lass i skritt.

Gangartane kan påverkast og utviklast. Derfor er det viktig å kunna vurdera det – saman med føresetnadene som kroppsbygnaden til hesten gir – som eit ledd i treninga og utdanninga av hesten. Det er også god hestevelferd å kunna observera og vurdera hesten i rørsle. Ofte får vi på eit tidleg tidspunkt mistanke om at noko er gale gjennom å sjå eller kjenna at hesten ikkje går taktmessig i gangartane. Bruk tid på å studera hestar i rørsle, både ute i det fri og under bruk. Ein frisk og sunn hest bevegar seg ledig og avslappa!

Finn ut meir:

  • Sjå dei to filmane over. Studer rørslene til hestane i gangarten trav. Forklar likskapar og ulikskapar mellom dei to hestane Hamilton og Tangen Mari i trav, og diskuter årsaker til eventuelle forskjellar med utgangspunkt i eksteriøret og treninga til hestane.
  • I filmen frå Norsk Hestesenter skildrar Lillian Grepne gangartane til hesten utan ryttar og under ryttar. Kva uttrykk bruker ho når ho skildrar rørslene til Hamilton? Observer to–tre av skulehestane ved skulen din – i gangartane skritt, trav og galopp. Kan du skildra gangartene deira?
  • Vel deg tre hesterasar: ein hesterase som primært vert brukt til ryttarsport, ein hesterase som primært vert brukt til travsport, og ein av dei nasjonale hesterasane dølahest, fjordhest og nordlandshest/lyngshest. Gå til avlsplanane for dei tre hesterasane du har valt, og finn ut korleis gangartar og rørsler er skildra i avlsplanane. Kva er likt, og kva er ulikt i korleis dei skildrar ønskte mål for gangartar og rørsler i avlsplanane?

Læringsressursar

Hesten – bruk, aktivitetar og tryggleik

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter