1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. HestefagetChevronRight
  5. Hesten – helse og velferdChevronRight
  6. Anatomien til hestenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Anatomien til hesten

Anatomien til hesten er eit omfattande fagemne. På Vg1 får du det første innblikket i dette – og får forståing for kvifor det er grunnleggjande å sjå samanhengen mellom helsa til hesten og fôring, bruk og trening av hesten.

Eksteriøret

Utsjånaden til hesten kallar vi for eksteriøret til hesten. Det er visse variasjonar mellom hesterasane, men dei grunnleggjande bygningstrekka er felles. Variasjonane kjem av at vi menneske gjennom åra har hatt innverknad på hesteavlen, blant anna fordi vi har endra bruksområda for hesten.

Når vi skildrar eksteriøret til hesten, er det viktig å bruka korrekt fagspråk. I hugselappen til høgre ser du uttrykk du bør læra deg, og som du bør kunna plassera på rett stad på hesten.

Skjelettet

Skjelettet er ein del av rørsleapparatet til hesten, og hestekroppen har over 200 knoklar. I ledda til hesten møtest ulike knoklar, og ledda skal tole stor belastning når hesten bevegar seg. Hesten er skapt for å bevega seg, men det er vårt ansvar å sørgja for rett trening og bruk.

Muskulaturen

Muskulaturen er også ein del av rørsleapparatet. Det er to hovudtypar muskelfiber: langsame muskelfiber og hurtige muskelfiber. Det er ein viss variasjon mellom hesterasane: Det er for eksempel særleg viktig for travhestar og galopphestar å ha hurtige muskelfiber.

Treninga av hesten må vera tilpassa hesten, både med omsyn til type bruk og alderen på hesten. Unge hestar får ofte skadar på grunn av for rask opptrening.

Fordøyinga

Fordøyingskanalen til hesten er svært lang. Magesekken til hesten er konstruert slik at hesten ikkje kan kasta opp, og det er ein av grunnane til at hesten er nøye med kva han et. Magesekken til hesten rommar berre 1520 liter, og han utgjer berre ein liten del av fordøyingssystemet til hesten. Berre tynntarmen på ein vaksen hest kan verta opptil 22 meter, og den lange fordøyingskanalen gjer at vi må fôre hesten rett for at han ikkje skal få sjukdommar, til dømes kolikk.

Hesten er skapt for å eta lite og ofte, og magesekken er tilpassa dette.

Læringsressursar

Hesten – helse og velferd

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter