1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. HestefagetChevronRight
  5. Hesten – helse og velferdChevronRight
  6. Dagleg stell av hóvenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Dagleg stell av hóven

«Ingen hóv, ingen hest», seier eit gammalt ordtak. Det stemmer. Hóvane på hesten må vera friske og sunne for at hesten skal kunna bevega seg. Eit anna ordtak seier at «hesten har fem hjarte: eitt i kvart bein, og sjølve hjartet». Det refererer til at hesten pumpar blod ned i hovane og opp att.

Kontroll og reingjering av hóvane er ein del av den daglege rutinen og visiteringa av hesten.

Hóvane skal sjekkast før og etter bruk, men også når hesten står på beite eller har fri. Dersom hesten har sko, undersøkjer du at skoa ikkje er lause, at alle broddar er på plass dersom hesten har broddsko, og du gjer rein hóven. Fjern skit og steinar. Vond og sur lukt frå hóvane kan også vera eit teikn på sjukdom/skade. Sjekk også at hesten ikkje har teikn til sprekker i hóven og sår i kronranda, og at hesten ikkje har sår og skit i kodebøyen.

Når du løftar beina på hesten, kan du stå ved sida av hesten og trykkja forsiktig mot hesten med kroppen din, slik at hesten flyttar vekta over og ikkje heng på det. Hesten skal løfte beina sjølv. Dersom ein hest som vanlegvis villig løftar beina, er uvillig, kan det vera eit teikn på at hesten har smerte eller skade i hóven.

Gjer det til ein vane å kjenna på temperaturen på hóvane. Er hóvane like varme/kalde? Dersom hesten har svært varme hóvar, eller ein hóv har ein annan temperatur enn dei andre, kan det vera eit teikn på at noko er gale.

Lær deg å kjenna etter pulsasjon i hóven. Sterkare pulsasjon i pulsårane som går ned på baksida av koden, kan vera teikn på at noko er gale. Gjer dette til ein dagleg rutine, då vert det lettare å kjenna avvik.

Hestar har behov for verking og eventuelt skoing kvar sjette til åttande veke, men det er variasjonar, avhengig av korleis hóven veks og om det er behov for eventuell korrigering.

Finn ut meir:

  • Slå opp sida Hestens hov og studer biletet som viser ei gjennomskjering av hóven. Lag dine eigne teikningar av og forklaringar på «anatomien til hóven» der du forklarer eigenskapane og funksjonen til dei ulike delane av hóven.

Læringsressursar

Hesten – helse og velferd

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter