Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. HestefagetChevronRight
  5. Hestehald – eit stort ansvarChevronRight
  6. Hestefaget – yrke og utdanningChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Hestefaget – yrke og utdanning

Du vert hestefaglært etter to år i den vidaregåande skulen. Første året på vidaregåande skule er Vg1 naturbruk, andre året er på hest- og hovslagarfaget. Deretter har du to års læretid i bedrift, og bestått fagprøve.

Jente og en hest i stallen. Foto.

Du kan ta påbygging til studiekompetanse etter fullført Vg2 yrkesfag, yrkeskompetanse eller fag- og sveinebrev. Påbygging gir deg dei faga du manglar for å få studiekompetanse, dersom du ønskjer å søkje høgare utdanning.

Etter fagbrevet

Som hestefaglært kan du jobbe i mange ulike bedrifter, som for eksempel på rideskular, i stutteri, travstallar, reiselivsbedrifter og Inn på tunet-verksemder. Etter fagbrevet kan du studere vidare, for eksempel ved Norsk Hestefagskole for å verta travtrenar eller ridelærar. Du kan også byggja på med fleire fag frå vidaregåande skule for å kunna søkje på høgskule og universitet.

Dersom du ønskjer å utdanne deg vidare, tilbyr NMBU – Noregs miljø- og biovitskaplege universitet studium på bachelor- og masternivå i veterinærmedisin, husdyrhald, avl og oppdrett. Du kan blant anna ta ein bachelor i husdyrvitskap og spesialisera deg på hest. Vel du å spesialisera deg på hest, inngår fag innanfor etologi, avl og ernæring. Bacheloroppgåva vil også vera knytt til hest. Elles er det lagt opp til mange kurs innanfor økonomi, administrasjon og leiing.

Merk at enkelte studium ved høgare utdanning krev ulike realfagskombinasjonar frå vidaregåande. Somme søkjer seg også vidare til utlandet for arbeid/praksis eller vidareutdanning.

Vidareutdanning etter fagbrevet

Dersom du har gått ridelærarutdanninga eller travtrenarutdanninga ved Norsk Hestefagskole, kan du arbeide som ridelærar eller travtrener. Dersom du har studert vidare ved ein høgare utdanningsinstitusjon, som for eksempel NMBU, kan du arbeide som rådgivar i landbruksorganisasjonar og i offentlege og private bedrifter innanfor moderne matproduksjon, dyrehelse og fôrproduksjon.

Starte for deg sjølv?

Hestefaget skal også stimulere til ny næringsverksemd. Kanskje vert nettopp du ein ny gründer og startar di eiga verksemd etter avslutta utdanning?

Læringsressursar

Hestehald – eit stort ansvar

SubjectEmne

Fagstoff