Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. HestefagetChevronRight
  5. Hestehald – eit stort ansvarChevronRight
  6. Frå bedekning til folingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Frå bedekning til foling

Å sjå ein folke koma til verda er for mange vårens vakraste evnetyr, men før ein fole vert fødd, er det mange val å tenkja gjennom.

Har du plass, råd og tid til å ha ein fole? Skal folen seljast etter kvart, eller skal du ha han sjølv? Å ala opp ein fole til unghest og etter kvart vaksen hest tek tid, og du må tenkja fleire år framover dersom du ønskjer å behalda avkommet sjølv.

Er hoppa eigna for avl?

Har ho eigenskapar som gjer at ho bør avlast på? Ei hoppe bør ha godt eksteriør, godt lynne, visa normal brunst og vera rasetypisk for rasen sin.

Du bør også vurdera kva hingst som kan passa for hoppa, og hingsten bør også ha gode eigenskapar. Ikkje minst bør hoppa og hingsten utfylla kvarandre, både eksteriørmessig og bruksmessig. Du bør unngå å forsterka negative eigenskapar når du vurderer hoppe og hingst.

For somme hesterasar – som består av små populasjonar, det vil seia få hestar å avla på – er det også viktig å vurdera innavlsgraden for den ønskte kombinasjonen av foreldredyr.

Skal det vera naturleg bedekning eller inseminering?

Dette er til ein viss grad raseavhengig, og kostnadene varierer. Ved naturleg bedekning fakturerer hingsthaldaren springpengar og eventuelt beiteleige og fôring. Ved inseminering kjem kostnadene for sæd, transport av sæd og utgifter til veterinæren som utfører prosedyren.

Du må også vurdera om hoppa skal forsikrast som avlshoppe, og kva dekning du ønskjer. Fødselskomplikasjonar kan verta kostbare.

Kor lenge er hoppa drektig?

Hoppa går drektig i omtrent 11 månader, +/- 3 veker, og somme hopper kan gå drektige i 12 månader. Hestar får vanlegvis ein fole, men dei kan ha tvillingsfødslar.

Hingsthaldaren

Dersom du er hingsthaldar og skal stilla hingsten din til disposisjon for avl, må du følgja dei retningslinjene avlsorganisasjonen har vedteke for avl. Frå og med 1. januar 2015 er det ikkje lenger eit offentleg krav om kåring av hingstar som skal brukast i avl, men det er avlsorganisasjonane som bestemmer kriteria for bruk av hingst.

Er du hingsthaldar eller eigar av avlshingst som skal brukast i avl, må du sørgja for at hingsten er frisk, har god kondisjon og kan handterast i dei ulike situasjonane som kan oppstå under bedekning eller tapping av sæd. Ved naturleg bedekning i form av slepp må du også vurdera om du har tilstrekkeleg med beite og eventuelt tilleggsfôr til ein flokk hestar. Du må også ha tilsyn med flokken, og følgja med på brunsten til hoppene og at flokken fungerer saman, slik at hingsten får bedekt alle hoppene.

I filmen under får du sjå naturleg bedekning og ein fole som vert fødd.

Læringsressursar

Hestehald – eit stort ansvar

SubjectEmne

Fagstoff