1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. HestefagetChevronRight
  5. Hestehald – eit stort ansvarChevronRight
  6. Hestehald i NoregChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Hestehald i Noreg

Før mekaniseringa av landbruket var hesten viktig og nødvendig både som arbeidskraft i landbruket og som framkomstmiddel. Hestane vart også brukte i Forsvaret. I kløvkompania vart hestane brukte både til kløv, riding og køyring. Hestesport var også ein arena for hesten, men i mindre omfang enn i våre dagar.

Frå å vera ein viktig del av norsk landbruk vert hesten i dag i hovudsak brukt til fritid, rekreasjon og idrett. Hesten er framleis representert i norsk landbruk. Somme held framleis gamle tradisjonar i hevd på gardane og bruker hesten som arbeidshest, men dette er ikkje hovudarenaen for hesten i dag.

Talet på hestar i Noreg

Før mekaniseringa av landbruket var talet på hestar i Noreg 238 000. Etter at traktoren gjorde sitt inntog, fall talet på hestar til ca. 20 000 dyr i 1970-åra. Sidan den gongen har det sakte, men sikkert stige.

Det finst ikkje noko nasjonalt hesteregister, men Norsk senter for bygdeforsking anslår at det var ca. 125 000 hestar i Noreg i 2013.

Hestenæringa er i sterk vekst, og berekningar viser at det vert omsett for ca. åtte–ni milliardar per år. Det utgjer 12 500 årsverk.

Hesterasar i Noreg

Det er mange forskjellige hesterasar i Norge, både importerte hestar og hestar som er avla fram i Noreg. Du kan lesa meir om hesterasane her: Hesterasar og stambokføring

Hestehald som krev løyve frå Mattilsynet

Dersom du skal driva hestesenter, treningsstall eller omsetja meir enn seks hestar i året, må du søkja om løyve frå Mattilsynet. Dersom du har eit hestehald der hestane skal kunna sendast til slakt, eller du har ti eller fleire hestar, må du også melda frå til Mattilsynet.

Godkjend hestebedrift?

Bransjestandard hest er ei frivillig sertifiseringsordning utarbeidd av Matmerk og Norsk Hestesenter. Norsk Hestesenter tilbyr kurs og godkjenning, Matmerk står for kontrollen av bedriftene. Sjølv om dette er ei frivillig godkjenningsordning og ikkje eit krav, er det fleire fordelar med å gjennomføra dette. Bedriftene kvalitetssikrar tilboda og tenestene sine.

Jobba med hest?

Det er mange yrke der du kan arbeida med eller for hestar.
Mange startar si eiga verksemd. Etterspurnaden etter yrkesutøvarar og tilbod er god.

Her ser du nokre av dei bransjane der hesten er produktet, eller der hesten er eit komplementært produkt / ei komplementær teneste:

  • fjellridning
  • fôrprodusent
  • ridelærar
  • husdyrvitskap
  • veterinær
  • utleigestall
  • hestefaglært
  • landbruk
  • skogbruk
  • kusk
  • travtrenar
  • konkurransryttar
  • berider
  • salmakar
  • dyrepleiar
  • pensjonat

Finn ut meir:

I dette arbeidsoppdraget kan de læra meir om yrke knytte til hest og hestehald:

Yrke knytte til naturbruk

Læringsressursar

Hestehald – eit stort ansvar

SubjectEmne

Fagstoff