Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. AkvakulturChevronRight
  5. Fôring av oppdrettsfiskChevronRight
  6. Fôring av fiskChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fôring av fisk

Fôr er den største utgifta vi har når vi skal produsera fisk. Vi må derfor ikkje fôra meir enn fisken et, men samtidig nok til at han veks maksimalt. Overfôring er dessutan til skade for miljøet.

Fôrmengd

Vi må fôra etter appetitten til fisken, og den er i stor grad styrt av temperaturen i vatnet. Men også andre forhold som stress, ugunstig miljø eller sjukdom kan påverka kor mykje fisken et. Røktaren må derfor følgja med. Dette vert gjerne gjort ved hjelp av kamera i merdane som sender bilete til ein datasentral, men også ved at røktaren sjølv studerer fisken i kar og merdar.

Røktaren må kjenna den normale åtferda til fisken og kunna oppdaga avvik. Overfôring er kostbart og lite miljøvennleg. Underfôring hemmar veksten til fisken.

Fôret

Fiskefôret har form som pellets i ulike storleikar. Di større fisk, di større bitar. Fôr til yngel består av små korn som vi kallar granulat.

I tillegg til å ha rett samansetjing av næringsstoff må fôret også ha rett konsistens. Det må ikkje søkka for fort, men bevega seg gjennom vassmassane slik at fisken rekk å eta det.

Fôr finst i sekker av ulike storleikar. På matfiskanlegg kan fôrleverandører levera med båt og fylla fôret rett i siloar på flåten, slik som på denne filmen.

Fôr har avgrensa lagringstid sidan det inneheld mykje feitt som kan harskna.

Næringsstoff i fôr

Det er næringsstoffa i fôret som får fisken til å veksa. Som hos mennesket er proteina viktige byggjesteinar for musklar og anna vev, og feitt gir energi. Fôr må derfor innehalda rikeleg med fullverdig protein. Feittet i fiskefôret må vera umetta.

Den naturlege føda for fisk er andre fiskar og dyr, og dei et lite karbohydrat. I fiskefôr bruker vi litt karbohydrat som bindemiddel. Fôret må også innehalda nok vitamin og mineral.

I fôret til laks og aure, som skal vera raude i kjøtet, er også fargestoffet astaxantin tilsett. Vill fisk får i seg fargestoff ved å eta krepsdyr.

Levande fôr

Yngel av kveite og torsk er avhengig av levande fôr i starten. Dette fôret vert dyrka i eigne tankar på anlegget, eller det kan også kjøpast ferdig.

Læringsressursar

Fôring av oppdrettsfisk

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter