1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. AkvakulturChevronRight
  5. Anlegg og utstyr i akvakulturChevronRight
  6. SjøanleggetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sjøanlegget

Nesten all oppdrett av stor fisk i Noreg går i dag føre seg i opne merdar ute i sjøen. Dette gjeld oppdrett av laks, aure, røye, kveite og torsk. I sjøen har fisken uendeleg tilgang til friskt, oksygenrikt vatn, og avfallsstoff vert førte vekk med straumen.

Fisken og økosystemet

I slike opne sjøanlegg vert oppdrettsfisken ein del av det marine økosystemet. Han vert utsett for parasittar, sjukdommar og rovdyr. Alt oppdrettaren tilfører vatnet – som fôr, medisinar eller avlusingsmiddel – endar uunngåeleg som forureining i sjøen. Dersom vi ikkje har godt nok utstyr, kan fisken rømma. Då taper oppdrettaren pengar, og den rømde fisken kan blanda seg med den ville og blant anna føra med seg sjukdommar.

Lokalitetar for sjøbaserte anlegg

Langs heile kysten frå Rogaland til Finnmark ligg oppdrettsanlegga på rekkje og rad. Noreg har ein kyst med reint vatn, og temperaturen er god også om vinteren. Anlegga er plasserte der det er god straum, slik at fisken får friskt vatn og avfallsstoff vert ført vekk.

Kommunane bestemmer kva område av kysten som skal brukast til fiskeoppdrett. Her må det takast omsyn til at andre også kan ha behov for å bruka kystsona til ulike aktivitetar.

Tryggleik når du arbeider på sjøen

Havet har enorme krefter, og alle som skal ferdast på og ved havet, må ha respekt for vêr og vind, bølgjer og straumar. Dette er ekstra viktig for deg som skal ha arbeidsplassen din på sjøen!

Dei fleste som jobbar på sjøbaserte oppdrettsanlegg, har båtførarbevis eller sertifikat for å føra arbeidsbåt. I tillegg skal ein ha gjennomført godkjend tryggleiksopplæring.

Arbeidstilsynet krev at alle som er på jobb, har godkjent verneutstyr. På sjøen må du ha flytevest eller klede med flyteelement. På nettsidene til Redningsselskapet finn du mange gode tips som gjer det tryggare å ferdast til sjøs: Sikker til sjøs

Læringsressursar

Anlegg og utstyr i akvakultur

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter