1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. AkvakulturChevronRight
  5. Anlegg og utstyr i akvakulturChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Anlegg og utstyr i akvakultur

Det tradisjonelle merdanlegget i sjø er det dei fleste assosierer med fiskeoppdrett. Setjefiskanlegg for produksjon av rogn og lakseyngel har vore etablerte ved gode ferskvasskjelder. I dag har vi i tillegg resirkuleringsanlegg, landbaserte anlegg med produksjon i sjøvatn, og lukka sjøanlegg.

Utstyret på eit oppdrettsanlegg varierer etter typen anlegg. På eit setjefiskanlegg går fisken i kar, og før vatnet slepp ut i kara, kan det vera behandla på ulike måtar. Vanleg vassbehandlingsutstyr er varmevekslarar, luftarar og ulike filter. Dersom vatn skal resirkulerast, er det i tillegg behov for oksygenering og pH-justering.

På eit sjøanlegg er båten nødvendig for å frakta folk og utstyr frå landbasen og ut til anlegget. Båten må ha kran om bord. I dag har dei fleste sjøanlegg fôrflåtar. I tillegg til fôrsiloar og fôringsanlegg har sjøanlegga både personalrom og rom for lagring av utstyr.

Læringsressursar

Anlegg og utstyr i akvakultur

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter