Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. AkvakulturChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Akvakultur

Oppdrettsnæringa har hatt ei rivande utvikling sidan ein først starta med lakseoppdrett i slutten av 1960-åra. No vert produksjonen driven med avansert teknologi og krev høg kompetanse. Oppdrettsfisk er ei av Noregs viktigaste eksportartiklar, og ein leverer til mange internasjonale marknader.

Sjøbasert oppdrett. Foto.

Den viktigaste oppdrettsarten er framleis laks, men det vert arbeidd med nye artar som kveite, torsk og steinbit. I tillegg vert det forska på oppdrett av hummar og kråkebollar, og på rognkjeks som vert brukt i kampen mot parasittar på laks.

Oppdrettsanlegg finst både i sjøen og på land. Somme artar lever i ferskvatn, andre i sjøvatn. Vi har opne anlegg der vatn strøymer fritt gjennom nøter som stengjer fisken inne. I lukka anlegg, der fisken går i kar som det vert pumpa vatn inn i, har vi betre høve til å kontrollera temperatur, oksygen og andre forhold som påverkar fisken.

På eit oppdrettsanlegg er det krav om både teknisk og biologisk kompetanse. I tillegg må vi forstå samanhengen mellom kostnader og inntekter. Den som skal føra oppdrettsbåtar, må ha nautisk kompetanse.

Emner

Akvakultur

  • Akvakultur – næring og yrke

    Som fagarbeidar i akvakultur jobbar du i ei næring som skaper store verdiar. Arbeidsplassen og arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande.

  • Anlegg og utstyr i akvakultur

    Det finst ulike typar oppdrettsanlegg. Utstyret på anlegga varierer etter anleggstype, oppdrettsart og geografi.

  • Artar i oppdrett

    Laks er den vanlegaste oppdrettsarten. Men både kveite, torsk og piggvar – og blåskjel, kamskjel, kråkebollar og krepsdyr – er aktuelle artar.

  • Fôring av oppdrettsfisk

    Fôret er ein av de største kostnadene i eit oppdrettsanlegg. Derfor er det viktig å bruka rett fôr og å fôra rett.

  • For å sikra god fiskehelse må vi kjenna miljøkrava til dei ulike artane. Vi må overvaka både fisk og miljø for å kunna setja inn tiltak ved behov.