Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Fiske og fangstChevronRight
  4. Arbeidsoppgåver i fiskerinæringaChevronRight
  5. FiskeriaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fiskeria

Fiske og fangst er ei næring med store variasjonar. Ulike typar fartøy og reiskapar blir nytta i ulike farvatn, og det krev at utøvarane har allsidig kunnskap. All aktivitet skal skje i samsvar med regelverka som gjeld for ressursregulering, dyrevelferd og miljø.

Reguleringar

Fiskeria er regulerte for å verne fiskeressursane mot overfiske. Fiskeridirektoratet og andre forskingsinstitusjonar kartlegg dei ulike bestandane, og ut frå denne kunnskapen bestemmer styresmaktene kor mykje som skal takast ut av kvar bestand.

Berekraftig utnytting av fiskeressursane vil seie at vi haustar av overskotet i bestandane. Målet er at storleiken på bestandane skal halde seg nokså konstant. Kvar enkelt fiskar må rapportere fangstane sine til styresmaktene slik at alt som blir teke ut, blir registrert.

Reguleringane for kvar enkelt art finn du på nettsidene til Fiskeridirektoratet. Reguleringsreglane handlar gjerne om

  • tidsavgrensing
    Det kan berre fiskast i visse periodar, på visse tider av døgnet eller på bestemte vekedagar.
  • geografisk avgrensing
    Det kan berre fiskast i bestemte område, for eksempel nord eller sør for ein viss breiddegrad.
  • minstemålsreglar
    Det er ikkje lov til å fange dyr under ein viss storleik. Mindre dyr som kjem i fangsten, skal skånsamt setjast ut att.
  • reiskapsavgrensing
    Det er berre lov til å nytte spesielt nemnde reiskapar i fisket.

Dyrevelferd og miljø

Fisk og dyr som blir fangsta, er også verna av dyrevelferdslovgivinga. Det vil seie at dei ikkje skal utsetjast for unødig liding. Det er ansvaret til fiskaren å følgje regelverket gjennom mellom anna å

  • sørgje for at utstyr som blir nytta, er lovleg og blir nytta i tråd med regelverket
  • sjå til at utstyret er i orden
  • passe på at fangsten blir behandla skånsamt og blir slakta når han er teken om bord
Plastavfall på strand. Foto.

Havet er stort, men likevel er mengda avfall så stor at ho skader miljøet. Fisk og dyr et ufordøyeleg avfall som fyller opp magen slik at det ikkje er plass til naturleg føde. Fiskeria må ta sin del av ansvaret for dette, då det har vore vanleg å dumpe både generelt avfall og øydelagt bruk over bord. Dette er sjølvsagt forbode etter lovverket i dag. Avfall skal takast i land og leverast til godkjent mottak.

Fiskaren må ta ansvar for at reiskapen ho eller han nyttar, er i ein slik stand at det kan finnast att og takast opp etter bruk. Reiskapar som blir ståande, kan halde fram med å fangste i lang tid. I tillegg til at materialet blir til avfall, fører det også til unødig liding for dyr som set seg fast i reiskapen.

Finn ut

  • Kva for fiskeri har fiskarar får distriktet ditt vore med på?
  • Kva for reiskapar har dei brukt?
  • Kor store fangstar har dei teke?
  • Har dei opplevd nedgang i fisket i periodar?
  • Har det kome endringar i regelverket som har hatt mykje å seie for aktiviteten?

Snakk med fiskarar i nærmiljøet. Arbeid i grupper og lag presentasjonar.

Kan du dette om norske fiskeri? Prøv deg sjølv:

Læringsressursar

Arbeidsoppgåver i fiskerinæringa