Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Fiske og fangstChevronRight
  5. Fartøy og reiskap i fiskerinæringaChevronRight
  6. Ruser, teiner og kilenotChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ruser, teiner og kilenot

Ruser, teiner og kilenot er passive fiskereiskapar som fungerer etter innesperringsprinsippet. I tillegg bruker vi lokkeprinsippet ved å nytte åte. Vi seier også at reiskapane fungerer etter felleprinsippet. Reiskapane vert brukte både i ferskvatn og sjøvatn, og fangar både fisk og krepsdyr.

Ruser vert helst brukte til å fange ål og torsk.

Teiner vert brukte til krepsdyr som taskekrabbe, kreps, hummar og kongekrabbe, og til til dømes leppefisk, brosmefiskar og torsk. I teinene bruker vi agn for å lokke.

Kilenota vert helst brukt til å fiske etter laks i sjøen.

Krepseteine på en brygge. Foto

Omgrep du bør kunne:

  • innesperringsprinsippet
  • lokkeprinsippet
  • felleprinsippet
  • garnmasker
  • panelnett
  • leiegarn
  • kalv
  • ruse
  • teine
  • kilenot
  • havteine
  • krepsdyr
  • fredingstid
  • landgarn

Finn ut:

  • Korleis er ruser, teiner og kilenot brukte i fiske der du bur?
  • Kva lokale ord og omgrep finst?

Kva kan du om ruser, teiner og kilenot? Ta testen!

Læringsressursar

Fartøy og reiskap i fiskerinæringa