Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Fiske og fangstChevronRight
  4. Arbeidsoppgåver i fiskerinæringaChevronRight
  5. FiskereiskapaneChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fiskereiskapane

Fiskereiskapar fungerer på ulike måtar. Somme oppsøkjer fisken, andre står i ro og ventar til fisken kjem. Ulike reiskapar blir nytta til ulike fiskeslag, i ulike farvatn og på ulike fartøy. Moderne fiskefartøy er rigga for bestemte reiskapstypar, og dekksmaskineri og utstyr elles er tilpassa dette.

Aktive og passive fiskereiskapar

Dei aktive reiskapane oppsøkjer fisken. Not og trål er døme på aktive reiskapar. Før vi set reiskapen i sjøen, nyttar vi fiskeleitingsutstyr for å finne ut kvar det er fisk.

Passive fiskereiskapar står i ro i sjøen og ventar på at fisken skal kome til reiskapen. Garn er ein slik reiskap. Somme passive reiskapar, som line og teine, nyttar agn for å lokke fisken. Når fisken kjem til reiskapen, set fisken seg fast eller hamnar i eit bur han ikkje kjem seg ut av.

Fangstprinsipp

Vi menneske har utvikla mange ulike måtar å fange bytte på. Vi kan kalle desse måtane for fangstprinsipp, og dei ulike fiskereiskapane fungerer forskjellig.

  • Lokkeprinsippet inneber at noko lokkar og får fisken til å symje til reiskapen. Dette skjer når vi nyttar agn, slik vi gjer når vi fiskar med line og teiner. Fisken luktar seg fram til agnet.
  • Sileprinsippet vil seie at vi siler vekk vatnet slik at fisk og dyr som vi jaktar på, blir fanga i silen. Dyr og fisk som er mindre enn det vi ønskjer å fange, slepp igjennom. Trål er ein reiskap som fungerer etter sileprinsippet.
  • Innestengingsprinsippet betyr at reiskapen blir plassert slik at fisk eller dyr blir stengde inne. Dette skjer når vi fiskar med not. Då leitar vi opp fiskestimen og dreg nota rundt han slik at han blir stengd inne.
  • Felleprinsippet gjeld for reiskapar som kilenot, teiner og ruser. Her kjem fisken eller dyret seg inn i reiskapen sjølv, men reiskapen er utforma slik at fisken eller dyret ikkje kjem seg ut att.
  • Snareprinsippet inneber at fisken ikkje ser reiskapen og dermed blir sitjande fast i det. Dette skjer når vi fiskar med garn.

Somme reiskapar kombinerer fleire prinsipp. Når vi fiskar med teiner, nyttar vi agn. Det vil seie at vi lokkar, og teina er samtidig utforma som ei felle.

Reiskapar og prinsipp

Reiskap

Aktiv/passiv

Fangstprinsipp

garn

passiv

snareprinsippet

line

passiv

lokkeprinsippet

jukse/dorg

passiv

lokkeprinsippet

teine

passiv

lokkeprinsippet + felleprinsippet

ruse

passiv

felleprinsippet

kilenot

passiv

felleprinsippet

snurrevad

aktiv

sileprinsippet

ringnot

aktiv

innestengingsprinsippet

trål

aktiv

sileprinsippet

harpun

aktiv

spydprinsippet

Plassering, merking og varsling

Merker på garn. Foto
Flaggbøye, blåse og træl

Fiskereiskapar som står i sjøen, skal vere merkte. I begge endane av ei line eller ei garnlenkje er det flagg og blåser, og også teiner, ruser og kilenøter skal vere merkte. Dette gjer det mogleg for andre fiskarar og sjøfarande å sjå kvar det står reiskapar.

Reiskapen skal vere merkt med namnet og registreringsmerket til fartøyet. Det er også vanleg å melde posisjonen til reiskapen inn til Kystvaktsentralen. Til gjengjeld kan vi då få digital informasjon til vårt eige navigasjonsutstyr, slik at vi får oversikt over båtar og reiskapar i eit bestemt område.

Fartøy som driv fiskeriaktivitet, skal også ha signal som viser aktiviteten.

  • Trålaren skal ha to rundtlysande lanterner, grøn øvst og kvit under, eller ein tilsvarande signalfigur.
  • Fartøy som fiskar med garn eller line, skal ha ei raud lanterne øvst og ei kvit under, eller tilsvarande signalfigur.
  • Fartøy som set not, skal vise dette med to rundtlysande, oransje lanterner som blinkar. Dei skal blinke så lenge nota er i sjøen.

Det er skipperen som har ansvar for at fartøy og reiskapar er forskriftsmessig merkte.

Læringsressursar

Arbeidsoppgåver i fiskerinæringa