Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Fiske og fangstChevronRight
  5. Fartøy og reiskap i fiskerinæringaChevronRight
  6. GarnChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Garn

Garn er passive fiskereiskapar som fungerer etter snareprinsippet. Storleiken på garnmaskene er tilpassa den fisken vi ønskjer å fanga, slik at han set seg fast og vasar seg inn i nettet. Vanlege fiskeartar vi fiskar med garn, er torsk, sei, blåkveite, uer, lange og breiflabb.

Eit garn eit stykke nett av masker festa til tjukkare tau som vert kalla telner. Det er ei flytetelne på toppen og ei søkketelne langs botnen som får garnet til å stå vertikalt i sjøen. Kor langt og høgt eit garn er, varierer etter maskestorleiken og kva fiskeart vi ønskjer å fanga. Eit garn kan sjå slik ut:

Innfelling og innfellingsgrad

Bit av garn. Foto

Garnstrengen, slik han kjem frå fabrikken, er som regel 55 meter lang når garnet er strekt ut.

Bit av garn. Foto

Før garnet kan setjast i sjøen, må det monterast. Denne prosessen vert kalla innfelling eller skyting. Garnet vert no strekt ut, og maskene i kanten vert bundne fast til telnene.

Innfellingsgraden er oppgitt med desimaltal og fortel oss kor langt det ferdige garnet er samanlikna med det utstrekte garnet vi starta med. Dersom innfellingsgraden er 0,5, er den opphavlege lengda på 55 meter redusert til 27,5 meter, altså halvert.

Bit av garn. Foto

Ved en innfellingsgrad på 0,4 er lengda på det ferdige garnet 60 prosent av den opphavlege lengda på garnstrengen. Det vil seia at ein vanleg garnstreng gir eit garn som er 33 meter langt.

Innfellingsgraden varierer etter maskestorleiken og kva fiskeart vi ønskjer å fanga, og dermed varierer også lenda på garnet.

Maskevidde og regelverk

Maskevidda til eit garn skal vera slik at for små fiskar sym fritt gjennom, medan for store fisker ikkje kjem seg inn i maskene. Fisket etter ulike artar vert blant anna regulert gjennom kva maskevidde det er lov å bruka.

Maskevidde vert målt i millimeter eller i omfar. I tabellen under finn du maskevidder for nokre garntypar. Du kan lesa meir om maskevidde på denne sida: Fiskeredskaper med panelnett og notlin

Garntype Maskevidde i millimeter
Maskevidde i omfar
Kveitegarn 235–469 2,7–1,33
Rognkjeksgarn 125,5 5
Flyndregarn 104,5 6
Torskegarn 104,5–78,5 6–8
Seigarn 104,5–52,5 8–12
Uer-/hysegarn 63 10
Makrellgarn 35 18
Storsildgarn 35–31,5 18–20
Feitsildgarn 31,5–22 20–24

Omgrep du bør kunna

  • Garnhytt. Foto.
    Vi bruker garnhytt når vi frigjer fisken frå garnet.
    ile
  • flaggbøye
  • endebøye
  • blåse
  • greia garn
  • hytt
  • bruk
  • spel med hjelpemann
  • garnstoppar
  • fellingsgrad
  • etterhalar
  • automatisk garnhalar
  • garnlenkje
  • telne
  • garnbus
  • maskevidde
  • omfar
  • skyting

Finn ut:

  1. Kva kan fiskarar der du bur, fortelja om garnfiske i distriktet? Finst det nokon gode fiskehistorier?
  2. Kva lokale ord og uttrykk finst?

Kva kan du om garn og garnfiske? Ta testen!

Læringsressursar

Fartøy og reiskap i fiskerinæringa

SubjectEmne

Fagstoff