1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Fiske og fangstChevronRight
  5. Fartøy og reiskap i fiskerinæringaChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Fartøy og reiskap i fiskerinæringa

Fiskereiskap og fartøy er tilpassa fiske etter ulike artar og i ulike farvatn. Mens mindre fartøy fangstar langs kysten, har større havgåande fartøy store delar av verda som fiskeplass. Fiske og fangst er regulert for å ta vare på fiskebestandane.

Dette emnet handlar om dei ulike fiskeria. Reiskapane fungerer etter ulike prinsipp. Somme er aktive og oppsøkjer fisken, mens andre er passive og lokkar fisken til seg. Nokre reiskapar fangar fisk og dyr som er knytte til havbotnen, mens andre reiskapar fangar fisk som lever i dei frie vassmassane.

Fiskefartøy kan vera rigga for ulike fiskeri. Båten må ha maskineri og utstyr som er tilpassa den typen reiskap ein bruker. Båten må også ha utstyr for å handtera fangsten når han kjem om bord, slik at kvaliteten vert sikra. Fartøy som opererer i fjernare farvatn og ikkje får levert fangsten etter kvart, har fabrikk for innfrysing om bord.

Læringsressursar

Fartøy og reiskap i fiskerinæringa