1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Fiske og fangstChevronRight
  5. Fiskeri – næring og yrkeChevronRight
  6. Med, me og mea: fiskeplassenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Med, me og mea: fiskeplassen

Før ein hadde ekkolodd og kartplott, brukte ein formasjonar i naturen for å notera seg kvar dei gode fiskeplassane var. Ein fjelltopp rett over ein holme i éi retning og en odde i den andre retninga gav signal om kvar fiskeplassen var.

Båt på med. Foto.

Når du er på farten ute i naturen, ser du at fjell, knausar, åsryggar, sund, holmar, bygningar, sjømerke og fyrlykter står på ein spesiell måte i forhold til kvarandre. Når du flyttar på deg, ser du formasjonane på ein annan måte. Om to høgder i terrenget, til dømes to fjelltoppar, står i eit bestemt forhold til kvarandre, kan du vera i eit méd.

Fiskeplassar

For fiskeran er det nødvendig å vita kvar fisken er. Fisken held til der det er gunstige forhold. Det kan vera ved ei grunne, ei skrå bergside eller der to straumar møtest. Sidan dette er under vatn, kan vi sjølvsagt ikkje sjå verken fisken eller naturen på botnen.

Moderne fiskebåtar har fiskeleitingsutstyr som ekkolodd eller sonar. Dei har kompass som viser himmelretningane, og kartplott som gir eksakt posisjon. Før dette vart vanleg om bord i båtane, brukte ein formasjonar i naturen for å merka seg dei gode fiskeplassane.

Krysspeiling

Eit méd er eit bestemt punkt på havet. Vi kan for eksempel sjå ein fjelltopp som står rett over ein holme i éi retning, og spissen av ein odde som kjem fram bak eit fjell, i ei anna retning. Når vi er der linjene frå desse to punkta kryssar kvarandre, er vi i eit méd. Og dersom det er godt med fisk der, veit vi korleis vi kan finna att plassen. Sjå på biletet over: Vi kan tenkja oss at båten er i medet når holmen er rett framfor den lågaste toppen på fjellet bak.

Méd, me eller mea

Eit méd betyr merke. Å ta méd vil seia å merka seg noko. I ulike delar av landet seier vi «me» eller «mea».

Méd får ofte namn etter fjellformasjonar som er synlege frå båten, slik som Hatten, Spisstind, Finnesaksla, Smaltind og Lørsnes. Namna vart også laga meir tilfeldig, som Tiøringen, Nennen og Skrinet.

Méd kunne også lagast som regler, for eksempel «Kopparen i Hå og Bu i Skard, får du ikkje fisk, då er du skit til kar». Då skal fjellet Kopparen stå i eit spesielt forhold til Hå, som er eit anna landemerke. «Ror du ut på Klakken rett overfor Steinen ved Hakken, til halvodden kjem fram i Storhei, då får du storsei», er eit anna døme på ei slik regle.

Det var vanleg å ha ei bok med oppteikningar over krysspeilingar og skisser av landskap som illustrerte forskjellige méd. Dette vart kalla mebok eller skallebok, og vart halde hemmeleg. Ein prøvde å verna kunnskapen så godt som råd. Dersom det kom andre båtar i nærleiken, flytta ein seg straks ut av médet, slik at ikkje andre skulle finna den nøyaktige posisjonen ein var i.

Læringsressursar

Fiskeri – næring og yrke

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter