Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Fiske og fangstChevronRight
  5. Fiskeri – næring og yrkeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Omsetning og avlønning i fiskeflåten

I Noreg vert fisken omsett via salslag, og omsetninga er regulert av råfisklova. Fiskaren får anten fast lønn eller ein del av fangsten som vert kalla lott.

Omsetning av fisk

I tidlegare tider var fiskarane avhengige av å selja fangsten sin til ein oppkjøpar som heilt fritt kunne avgjera kva han ville betala for varene. Tidleg i førre hundreåret samla fiskarane seg og fekk etter fleire års kamp på plass det vi kallar råfisklova. Ho vart første gongen vedteken i 1938. I etterkant er Norges Råfisklag etablert. Råfisklaget skulle sikre medråderett for fiskarane og rettferdige prisar for fangsten.

Salslag

I dag organiserer Norges Råfisklag omsetninga av villfanga marine artar frå og med Nordmøre til og med Finnmark.

Norges Råfisklag er eit av seks fiskesalslag som i samsvar med fiskesalslova tek hand om viktige nasjonale oppgåver og organiserer førstehandsomsetninga av fisk i Noreg. Fem av salslaga, med Norges Råfisklag som det største, tek hand om omsetninga av torskefisk, skaldyr, blautdyr og småkval. Omsetninga av sild og annan pelagisk fisk skjer gjennom Norges Sildesalslag.

Norske fiskesalgslag. Logokollasje.
Dette er logoane til dei seks salslaga som omset fisk i Noreg.

Sluttsetel

Oppgjeret for fangst gjennom salslaga skjer etter ein skriftleg avtale som vert kalla oppgjersavtalen. Fiskaren har garanti for oppgjer for fisken som er levert, og det er fastsett minsteprisar for fisk levert frå fiskaren.

Ved levering vert fangstkvantumet ført inn på sluttsetelen. På sluttsetelen fører ein også inn dei fiskesortane det gjeld, kor mange kilo som er levert av kvar sort, og til slutt prisen som oppkjøparen har betalt.

Læringsressursar

Fiskeri – næring og yrke

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter