Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Fiske og fangstChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Fiske og fangst

Fiske og fangst har lang historie. I steinalderen lagde ein enkle reiskapar og båtar for å kunna livnæra seg av ressursane i havet. Fiskerinæringa i dag er ei næring med avansert teknologi, høg kompetanse og ein internasjonal marknad.

Lossing av fiskefangst i havna på Røst. Foto.

Fiskerinæringa er ei allsidig næring, med ein stor variasjon av fartøy, reiskapar, fangstområde og kundegrunnlag. Dette krev at dei som har fiske og fangst som yrke, har kompetanse innanfor mange fagfelt.

Dagens fiskarar er først og fremst spesialistar på handtering av reiskapar og førstehandsbehandling av fangst. Mange fiskarar har i tillegg nautisk utdanning og førarrettar for båt.

Emner

Fiske og fangst

  • Fiskeri – næring og yrke

    Fiskaren jobbar i ei næring som skaper store verdiar. Arbeidsplassen er variert og utfordrande.

  • Fiskereiskap og fartøy er tilpassa fiske etter ulike artar og i ulike farvatn. Fiske og fangst er regulert for å ta vare på ressursane.