Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Naturbasert produksjon

I hovudemnet Naturbasert produksjon lærer du om ulike yrke i norske naturbruksproduksjonar og arbeidsoppgåvene som er knytte til dei. Emnet handlar om stell av planter, fisk og dyr, hausting og fangst av naturressursar, og om foredling, drift og tenesteyting. Naturbasert produksjon er eitt av to programfag på Vg1 naturbruk.

Utsikt fra Hurtigruten. Jordbrukslandkskap og fiskeoppdrett i Nordland. Foto.

Slik skildrar læreplanen for Vg1 naturbruk dette programfaget:

«Programfaget omfatter grunnleggende arbeidsoppgaver og yrkesutførelse innen norske eller samiske naturbruksproduksjoner etter instruks og under veiledning. I dette inngår stell av planter, fisk og dyr, høsting og fangst av naturressurser og foredling, drift og tjenesteyting. Programfaget omfatter planlegging, gjennomføring og vurdering av eget arbeid. Arbeid i programfaget bygger på naturfaglig forståelse og kunnskaper om tradisjonelle og moderne driftsmetoder. Programfaget dreier seg videre om livsprosesser og ulikheter i livsformer og miljøkrav hos dyr og planter, sammenhenger i naturen, og sammenhengen mellom innsatsfaktorer, menneskelig aktivitet og endelig produkt.

Grunnleggende kunnskaper og ferdigheter innen teknikk og håndverk, og emner som tar for seg sammenhengen mellom yrkesutøvelse og natur- og arbeidsmiljø og det regelverket som berører dette, inngår i programfaget. Kvalitetssikring av prosesser og produkter inngår her.»

Emner

Naturbasert produksjon

  • Biologi

    Biologi er læra om alt levande. I dette emnet lærer du meir om levande organismar og kva krav dei har for å leva.

  • Jord og jordsmonn

    I dette emnet lærer du meir om korleis jord vert danna, og på kva måte dei ulike eigenskapane ved jorda påverkar planteveksten.

  • Teknikk

    I alle naturbruksyrka må vi ha kunnskap om maskiner og ulike typar reiskapar. Både utstyr og bygningar treng ettersyn og vedlikehald.

  • HMS

    HMS er ei forkorting for helse, miljø og sikkerheit. HMS skal vera eit fokusområde på alle arbeidsplassar.

  • Agronom – plantedyrking

    11 000 kvadratkilometer – eller mellom tre og fire prosent av arealet i Noreg – vert brukt til jordbruk. Utan planteproduksjon er det ingen mat til verken menneske eller dyr!

  • Agronom – husdyrproduksjon

    I 2015 vart det produsert 335 000 tonn kjøt, 1540 millionar liter kumjølk og 67 000 tonn egg i norsk jordbruk – fordelt på 29 900 jordbruksbedrifter.

  • Gartnar

    Gartnarnæringa har ei viktig rolle som produsent av mat og varer. Gartnaren har jobbar i veksthus, på friland, på grøntareal og i hagesenter.

  • Hestefaget

    Hestefaget omfattar mange tema: helsa, anatomien og fysiologien til hesten, foring, velferd, stalldrift, trening og bruk – og avl og oppdrett.

  • Hovslagar

    Å vera hovslagar krev at du er nøyaktig, tålmodig og at du har høg kompetanse om anatomien til hesten. Hovslagaryrket kan vera eit fysisk tungt yrke.

  • Smådyr

    I dette emnet lærer du om dei viktigaste rasane av dei ulike smådyra og kva dei vert brukte til. Til emnet høyrer også stoff om helse og sjukdommar.

  • Anleggsgartnar

    Anleggsgartnaren jobbar med utforminga og skjøtselen av uteomgivnadene våre. Dette emnet gir eit innblikk i anleggsgartnarbransjen og arbeidsoppgåvene som høyrer til.

  • Akvakultur

    Oppdrettsnæringa i dag er ei næring med avansert teknologi og høg kompetanse. Oppdrettsfisk er ein av dei viktigaste eksportartiklane frå Noreg til internasjonale marknader.

  • Skogbruk

    Nesten 40 prosent av landarealet i Norge er dekt av skog. Årleg vert rundt 10 millionar kubikkmeter tømmer hogt. I dette emnet lærer du om skogbruksnæringa.

  • Fiske og fangst

    Fiske og fangst har ei lang historie. Dagens fiskerinæring er ei næring med avansert teknologi, høg kompetanse og ein internasjonal marknad.

  • Reindrift

    Dette emnet handlar om reindrift og korleis næringa vert driven i dag. Du lærer om reinsdyret og arbeidsoppgåvene til den som driv med rein.