Hopp til innhald

SubjectEmne

EMNE

Tryggleik

Kva legg du i omgrepet tryggleik? Tryggleik kan definerast som evna til å ha kontroll med risiko. Dette emnet handlar om tryggleik på arbeidsplassen, tryggleikstiltak, risikovurdering, datasikring, trafikktryggleik, samfunnstryggleik og trusselbilete.

Brannslukningsapparat og brannslange. Foto.

Arbeidsmiljølova legg vekt på at arbeidsplassen skal vere trygg mot farar som kan skade liv og helse. For å skape ein trygg arbeidsplass må vi finne ut kva som kan gå gale. Vi må vurdere kva vi kan gjere for å hindre det, og redusere skadane dersom ulykka skulle vere ute. Målet er å hindre eller i alle fall avgrense uønskte hendingar. I samfunnet i dag er det mange nye farar som truar oss. Omgrepet «trusselbilete» uttrykkjer både ei vurdering og ei beskriving av dei fiendtlege og aggressive hendingane som kan komme til å ramme oss.