Hopp til innhald

SubjectEmne

EMNE

Økonomi

Økonomi er nyttig å kunne uansett kva du skal jobbe med. Å kunne litt om økonomi gir deg ei større oversikt over kva som skjer i ei bedrift. I dette emnet skal du blant anna lære om korleis du finn prisen på eit produkt, og korleis du set opp budsjett og fører enkle rekneskapar.

Rosa sparegris med briller og kalkulator. Foto.

Skal du starte eigen bedrift, er det viktig å vite litt om økonomi. Du må finne ut korleis du skal skaffe pengar til bedrifta, og du må lage eit budsjett. Eit budsjett er ei oversikt over inntekter og utgifter for ein periode. Inntekter er det du får betalt for produkta dine. Det er derfor viktig å setje riktig pris på produkta dine.

Du må også føre rekneskap. Eit rekneskap er ei oversikt som viser korleis det har gått med bedrifta. Har ho gått med overskott eller underskott?