Hopp til innhald

SubjectEmne

EMNE

Transport og logistikk

Dette emnet tek føre seg to viktige tema: Val av transporttenester og samanhengen mellom vareflyt og logistikk.

Illustrasjon som viser lastebil, fly, truck og containerskip.

Kva som avgjer val av transport, varierer med transportbehovet vi har. Næringslivet og det offentlege vel transportørar ut frå sine behov. Som privatperson vel vi transportform ut frå kva som er mest føremålstenleg i den situasjonen vi er i, eller om vi skal reise kort eller langt.

Med vareflyt forstår vi krinsløpet til ei vare frå opphav til attvinning, mens logistikk er dei aktivitetane som skal sørgje for ein effektiv vareflyt.

Vi bruker omgrepet logistikk først og fremst om korleis vi planlegg og sørgjer for at aktivitetar skjer til rett tid, av og med dei rette menneska, med dei riktige varene og med den hjelpa vi treng for å sørgje for ein effektiv vareflyt.