Hopp til innhald

  1. Home
  2. Service og samferdsel Vg1ChevronRight
  3. Sal og serviceChevronRight
  4. ServiceomgrepetChevronRight
  5. Service er ei opplevingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Service er ei oppleving

For kunden er totalopplevinga viktig. Ho kan vere sett saman av ulike situasjonar og møte med ulike menneske. Uansett kvar i denne rekkja av hendingar du møter kunden, blir du ein aktør i den totale serviceopplevinga.

Kvinne i svømmebasseng ser mot horisonten. Foto.

Kva er ei totaloppleving?

Når ein er servicemedarbeidar, kan ein produsere heile totalopplevinga eller eitt enkelt element i totalopplevinga. Persontransport er eit døme på ei heil totaloppleving. Då transporterer du som servicemedarbeidar noko frå ein stad til ein annan, og når turen er over, er serviceproduksjonen fullførd.

Men i dei fleste tilfella vil du som servicemedarbeidar berre produsere ein del av totalopplevinga. Det skjer til dømes når ein kontormedarbeidar hjelper ein huseigar med å fylle ut ein søknad om å endre fasaden på huset. Når søknaden blir behandla, må ein ta omsyn til andre element, under dette mellom anna ventetid, informasjon og forståing av behova til huseigaren.

Eit anna døme er når ein salsmedarbeidar hjelper ein kunde i butikken. Der opplever kunden andre element som vareplassering, musikk, opningstider, fargar og interiør, sortiment, betalingsform – og ikkje minst om butikken har dei varene som kunden treng. Til saman gir dette ei totaloppleving for kunden.

Samarbeid gir gode kundeopplevingar

Ofte må fleire bedrifter samarbeide for å lage gode opplevingar for kunden. Til dømes føreset ein ferietur til Kreta transport, overnatting, matforsyning og spennande attraksjonar for at han skal gi ei totaloppleving. Ingen bedrifter tilbyr alle elementa åleine.

Læringsressursar

Serviceomgrepet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kva er god service?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Service - det lille ekstra?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Brukerstøtte

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.