Hopp til innhald

  1. Home
  2. Service og samferdsel Vg1 2019-20ChevronRight
  3. Sal og serviceChevronRight
  4. Sals- og kjøpsprosessenChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Sals- og kjøpsprosessen

Det er vanleg å tenkje seg at du som sel, kan styre salet gjennom ein systematisk prosess i fleire fasar eller steg – ein såkalla salsprosess. Det er ein fordel å ha ein plan for å selje, men du må heller ikkje gløyme at kunden også vil ha eit ord med i laget. Din salsprosess er kunden sin kjøpsprosess.

En selger hjelper en kunde med å velge smarttelefon. Foto.

Fasane i salsprosessen

Salsprosessen startar i den augeblinken du som salsmedarbeidar møter kunden, anten det er i butikken, på Internett, på gata eller i telefonen. Det er ulike meiningar om kor mange fasar salsprosessen har. Det viktigaste er uansett at du skjønar at prosessen inneheld fleire steg eller fasar. I dette emnet får du ei innføring i dei vanlegaste fasane i salsprosessen.

Kjøpsprosessen

Ein god salsmedarbeidar prøver å setje seg inn i kunden sin tankegang og kor i kjøpsprosessen han eller ho er. Du har derfor meir bruk for innsikt i kunsten å kjøpe enn i kunsten å selje. Då blir kunden sin kjøpsprosess viktigare enn salsprosessen. Det er ein av nøklane til god kundebehandling.

Læringsressursar

Sals- og kjøpsprosessen