Hopp til innhald

  1. Home
  2. Service og samferdsel Vg1ChevronRight
  3. Sal og serviceChevronRight
  4. BehovsanalyseChevronRight
  5. Jakta på det gode livChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Jakta på det gode liv

Er det sant at det gode liv ligg i god økonomi, mykje fritid og godt samhald? Det er stor variasjon i synet på kva som er eit godt liv, noe som påverkar det vi vel av varer og tenester.

To venner som snakker sammen. Foto.

Nordmenn og det gode liv

Ifølgje Statistisk sentralbyrå meiner nordmenn at det gode liv ligg i god økonomi, mykje fritid og godt samhald.

Hva er det gode liv for deg?
Kva er det gode liv for deg?

For nokre år sidan gjekk ein norsk tv-serie som heitte «Jakten på det gode liv». Ikkje uventa viste serien at det er stor variasjon i synet på kva som er eit godt liv. Somme meiner at pengar og rikdom er viktigast, andre satsar på velvære og god helse, og atter andre legg mest vekt på familie og gode venner.

Gjennom mange år har Norsk Monitor prøvd å gi eit bilete av verdiane våre, kva vi ønskjer å få ut av livet, korleis vi ser på forbruk, og korleis dette påverkar måten vi lever på. Mange tusen kvinner og menn har blitt intervjua.

Vi kan trygt slå fast at synet på kva som er det gode liv, varierer frå menneske til menneske. Synet på det gode liv heng saman med kven vi spør. Her er vi ikkje ute etter å finne svar på kva som gir livet meining, men korleis grunnleggjande faktorar påverkar privat forbruk. Det kan vere utgangspunkt for ei spennande oppdagingsferd. Kven er du?

Fire hovudgrupper av nordmenn

Sosiologen Ottar Hellevik teiknar eit bilete av fire hovudgrupper av nordmenn. Inndelinga kan hjelpe oss til å sjå at folk er ulike, og korleis dette i sin tur påverkar forbruksmønsteret.

1 Moderne materialist (les meir)

Kjennemerke: lovforakt, fordomsfri, forbruk, risiko, materialisme, anti-helse, status, kjensler, ikkje-religiøs, urban
Stikkord: eige og nyte
Andre namn: jappekultur, konsumkultur
Typisk representant: ung, ugift mann under utdanning eller arbeidar

2 Tradisjonell materialist (les meir)

Kjennemerke: fornuft, tradisjonelle kjønnsroller, ikkje sjølvrealisering, konformitet, tradisjonar, tryggleik, materialisme, avstand, antiteknologisk, autoritær
Stikkord: eige og tryggje
Andre namn: gammal arbeidarklassekultur, industriell kultur
Typisk representant: mann over 50 år med låg utdanning, arbeidar eller trygda/pensjonist

3 Moderne idealist (les meir)

Kjennemerke: jamstilling, sjølvrealisering, antiautoritær, individualitet, toleranse, altruisme (velvilje, nestekjærleik), antimaterialisme, miljøvern, kjensler, nyheit
Stikkord: yte og meistre
Andre namn: «sekstiåttar»
Typisk representant: kvinne i 40-åra med høg utdanning, tilsett i det offentlege

4 Tradisjonell idealist (les meir)

Kjennemerke: sparing, respekt for lov og orden, puritanisme, tryggleik, fornuft, antimaterialisme, religion, helse, patriotisme, intoleranse
Stikkord: yte og ofre
Andre namn: gammal bondekultur, førindustriell kultur
Typisk representant: kvinne over 60 år med middels utdanning, pensjonist

Læringsressursar

Behovsanalyse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter