Hopp til innhald

  1. Home
  2. Service og samferdsel Vg1ChevronRight
  3. Sal og serviceChevronRight
  4. BehovsanalyseChevronRight
  5. ForbrukaråtferdChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Forbrukaråtferd

Forbrukaråtferd dreier seg om tankane og handlingane til forbrukarane når dei søkjer, vurderer, kjøper og bruker produkta. Verdiar påverkar kjøpsåtferd, og for ein som skal jobbe innanfor sal og service, er det viktig å forstå og respektere verdiane til kundane. Her får du nokre eksempel.

Mennesker i kø til førpremiere

Merkevarer – dårlege og dyre?

Nøkternt sagt er ei merkevare eit produkt som blir selt under eit innarbeidd merke. Det heiter seg at merkevara er ein konstruksjon oppe i hovudet på kunden. Merkevara har ein logisk del (kva produktet skal brukast til) og ein emosjonell del (det kjensleprega forholdet mellom produktet og kunden).

Merkevarer med moterett omdømme (image) utgjer ein stadig aukande del av omsetninga av klede, sko, klokker, mobiltelefonar, vesker, bilmodellar og daglegvarer. Ved hjelp av marknadsføring og gjennomtenkt merkevarebygging har kjende produkt skaffa seg solide marknadsdelar i vår del av verda.

Som forbrukarar blir vi påverka av samfunnet vi lever i. Samstundes er vi sjølvstendige individ med eigne ønske og behov.

Det heiter seg at ein del unge ser ut til å ha merkevarer på hjernen, medan andre ikkje bryr seg det minste. Kvar står du?

Min favoritt-foundation

Ein kvinneleg bloggar skreiv dette (personar og produkt er anonymiserte):

«Eg får veldig ofte spørsmål om kva slags foundation eg bruker, og eg har tidlegare gått god for ein nokså billig ein frå X som eg har vore veldig fornøgd med. Men no har eg funne min absolutte favoritt, den er verkeleg heilt fantastisk! Den er frå Y og heiter Y-1. Eg bruker fargen som heiter Z. Alle som er på jakt etter ein god foundation, gå innom eit parfymeri og prøve denne. Prisen er sikkert litt varierande, men eg betalte 400,–.»

Bloggaren fekk mellom anna denne kommentaren:

«Du skriv jo ingenting om han? Kva hudtype passar han for? Er han lett eller dekkjande? Oljefri? Kor lenge sit han på? Ikkje mykje ein veit av å sjå eit namn og at du seier han er ’bra’.»

I kva for grad trur du merket hadde noko å seie for kva bloggaren anbefalte?

Forbrukaråtferd

I eit rikt land som Noreg har kvar forbrukar høve til å dekkje sine spesielle ønske, behov, interesser og så bortetter. Forbrukaråtferd dreier seg om tankane og handlingane til forbrukarane når dei søkjer, vurderer, kjøper og bruker produkta.

«Vis meg kva du kjøper, og eg skal seie deg kven du er!»
Når vi ser kva ein person handlar, fortel det mykje om livsstilen og den sosiale tilknytinga til personen. Forbruket er viktig for identiteten vår og strekar under kva posisjon vi har i samfunnet.
Alt på 1800-talet blei det hevda at kjøpsvanar heng saman med sosial status. Det gjeld særleg produkt og merkevarer som får oss til å tenkje på tilhøyrsel og status, til dømes kostbare sportsartiklar, bilmerke, digitale produkt, eksotiske reisemål og merkeklede. Norske bustader er utstillingsvindauge for smak, status og posisjon.

Verdisyn og kjøpsåtferd

Verdiane våre påverkar kjøpsåtferda vår, dvs. kva vi tenkjer og gjer når vi planlegg innkjøp og handlar. Mange val skjer på bakgrunn av kulturelle og individuelle verdiar.

Med verdiar meiner vi det som er grunnleggjande verdfullt for oss. Når vi står overfor konkrete val, er verdiane rettesnorer for å vurdere kva som er best. Dess meir medvitne vi er om verdiane våre, dess meir opptekne er vi av å etterleve dei.

Ein person kan signalisere verdiane sine gjennom klesdrakt, hårfrisyre eller andre ytre teikn. Klesplagg kan også tene som politisk symbol. Det såkalla palestinaskjerfet (kefije) har lenge vore brukt for å vise sympati med palestinarane i Midtausten-konflikten.
For ein som skal jobbe innanfor sal og service, er det viktig å forstå og respektere verdiane til kundane.

Læringsressursar

Behovsanalyse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter