Hopp til innhald

  1. Home
  2. Service og samferdsel Vg1ChevronRight
  3. Sal og serviceChevronRight
  4. BehovsanalyseChevronRight
  5. Sydenliv eller fisketur?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sydenliv eller fisketur?

Kva er motivasjonen bak val av ulike reisemål? Kva er det som lyfter ferien til noko utover det kvardagslege? Ulike attraksjonar, aktivitetar og servering har truleg størst potensial som motivasjonsfaktor.

Å hoppe i fallskjerm

Sydenliv eller fisketur?

Synet på kva som er avkopling, varierer: Det kan vere latmannsliv med bading og soling, aktivt friluftsliv i vakker og dramatisk natur eller storbyferie med besøk på tivoli, i museum og andre attraksjonar. Jan Vidar Haukeland ved Transportøkonomisk Institutt (TØI) har framstilt ferievanane til det norske folk i fem kategoriar:

1 Den norske feriedraumen – knytt til ro og kvile, helseverdiar og natur. Spesielt vanleg hos eldre med tilgang til fritidshus.
2 Fart og spenning – som formidlar ønsket om å oppleve noko saman med andre. Særleg eit trekk ved menn, ugifte og dei som er i ein skule- eller utdanningssituasjon.
3 Kultur og læring – som er prega av ønsket om å oppleve kunst og kultur. Meir vanleg med aukande inntekt, utdanning og alder.
4 Avkopling og nyting – det gjeld å slappe av, hyggje seg og leve i luksus. Særleg vanleg hos kvinner og ugifte.
5 Familie og samvær – naturleg nok spesielt vanleg hos familiar med små barn.

Kva motiverer oss?

Opp gjennom historia veit vi at nordmenn har vore nysgjerrige på framande land og kulturar. Men er det motivasjonen bak turismen i Syden i dag? Kva er drivkrafta bak valet av ulike reisemål? Motivasjon handlar om kva som skaper trivsel, lyst og glede. Kva er det som lyfter ferien til noko utover det kvardagslege? Ulike attraksjonar, aktivitetar og servering har truleg størst potensial som motivasjonsfaktor.

Når folk vel ulike reisemål og aktivitetar, speglar det av ulike syn på kva som verkar motiverande. Dersom vi ønskjer å feriere saman med familie eller venner, må vi også ta omsyn til ønska deira.

Forslag til drøfting

Tenk dykk at to venner skal ha ei vekes ferie. Den eine vil helst på fisketur, den andre vil på sydentur.

  • Drøft kva slags motiv som kan vere drivkraft ved val av fisketur og sydentur.
  • Prøv å skilje mellom indre og ytre motivasjonsfaktorar.

Læringsressursar

Behovsanalyse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kundebehov

  • SubjectMaterialFagstoff

    Segmentering

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter