Hopp til innhald

  1. Home
  2. Service og samferdsel Vg1ChevronRight
  3. Sal og serviceChevronRight
  4. BehovsanalyseChevronRight
  5. Kva er motivasjon?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva er motivasjon?

Kva er motivasjon? Motivasjonen er drivkrafta som får oss til å gjennomføre visse handlingar og aktivitetar. Innsikt i kjøpsmotivasjon hjelper oss til å forstå tankane til forbrukaren slik at vi kan skilje mellom ulike kundar.

Marion Jones og hennes lagvenninner jubler etter stafettseier i Sydney

Kva er motivasjon?

Å ha eit motiv er det same som å ha ein grunn til å gjere noko. At handlingane våre i ein viss situasjon er motiverte av eit eller anna, vil seie at vi siktar mot å nå konkrete mål.

Det er vanleg å skilje mellom indre og ytre motivasjon. Drivkrafta ved indre motivasjon er eigeninteressa di saman med kunnskapstørst. Drivkrafta ved ytre motivasjon kjem frå omgivnadene. Skilnaden ligg ikkje i kva vi gjer, men i grunngivinga for det vi gjer. Kva får deg som elev til å stå opp ein iskald vinterdag for å rekke 7-bussen til skulen?

Indre motivasjon

Indre motivasjon er lysta til å lære eller til å løyse ei oppgåve. Då blir læringa eit mål i seg sjølv, ho blir lystvekkjande, ein trivst og kan bli heilt oppslukt av læringsarbeidet. Motivet for innsatsen ligg i å oppdage eller meistre noko nytt. Som ein elev sa: «Eg blir så glad når eg får det til!»

Ytre motivasjon

Ytre motivasjon kan vere ei pliktkjensle overfor foreldra eller forventningar om å sole seg i ros og påskjønning for ein god karakter. Målet er å gjere pålagde lekser og få ros for å ha utført pliktene sine. Som ein elev sa: «Far og mor blir så glade når eg får det til!»

Ein kombinasjon av indre og ytre motivasjon er vanleg i mange situasjonar. Drivkrafta kan vere ei forventning om å både oppleve gleda ved å lære og i tillegg sjå at mor og far blir glade.

Motivasjon for kjøp

Motivasjon er på sett og vis det motsette av motstand. Motivasjon får forbrukarane til marknadsplassen. Kort sagt er kjøpsmotivasjon dei grunnleggjande drivkreftene som får oss til å kjøpe.

Ein professor i marknadsføring har sagt at han aldri handlar til full pris. Drivkrafta hans er å vere prisbevisst. Nokre menneske er rasjonelle og gjer innkjøp først og fremst for å tilfredsstille verkelege behov. Andre har ei sosial drivkraft; det viktige er å shoppe saman med venner og familie eller å treffe andre på shopping. Atter andre handlar der ekspeditøren gir god hjelp og yter service. Innsikt i kjøpsmotivasjon hjelper oss til å forstå tankane til forbrukaren slik at vi kan skilje mellom ulike kundar.

Læringsressursar

Behovsanalyse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter