Hopp til innhald

  1. Home
  2. Service og samferdsel Vg1ChevronRight
  3. Sal og serviceChevronRight
  4. BehovsanalyseChevronRight
  5. Maslows behovspyramideChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Maslows behovspyramide

Maslows behovspyramide syner menneskelege behov som steg i eit hierarki. Les om kva dei inneber, og drøft korleis vi kan nytte dei for å motivere til kjøp.

Kvinne spiser salat

Behovsteori

Den amerikanske psykologen Abraham Maslow har laga ein av dei mest kjende klassifikasjonane av menneskelege behov. Teorien kallar vi behovspyramiden, sjå figuren.

Maslow sin behovspyramide. Illustrasjon.

Vi kan bruke behovspyramide som grunnlag for å forstå hva ulike behov kan bety i forbindelse med kjøp og salg.

Forklaring til Maslows behovspyramide

Steg 1: Fysiologiske eller organiske behov

Gjeld behov for mat og drikke og vern mot streng kulde, sterk varme, smerte og ubehag. Seksualitet høyrer òg med her. Dersom desse behova ikkje blir dekte over tid, kan vi ikkje leve.


Steg 2: Behov for vern og tryggleik

Gjeld mellom anna vern mot fysiske åtak. Tryggleik handlar også om føreseielege og faste rammer, om rutinar, stabilitet, orden og struktur i tilværet.

Steg 3: Behov for kontakt

Vi menneske er skapte for å leve i fellesskap, ikkje kvar for oss eller isolert. Handlingane våre heng ofte saman med ønsket om kontakt og tilknyting til andre. Vi treng nokon å opne oss for, å oppleve saker og ting med, å vere saman med.

Stega 1–3 kallar Maslow mangelbehov. Dersom vi manglar mat, drikke, tryggleik, kontakt og så bortetter, kjem kroppen i ubalanse. Når vi passar på å tilføre det vi manglar, blir balansen atterreist – i alle fall for ei tid. Vi kan seie at behov er manglar som må dekkjast for at vi skal kunne oppleve velvære.


Steg 4: Behov for å bli akseptert

Dei fleste av oss ønskjer å gjere oss gjeldande i eigne og andre sine auge, få ros og tillit, oppnå status og prestisje. Somme ønskjer berre å få ros når dei fortener det, andre vil bli flinkast i klassen, medan atter andre vil vinne i idrett eller andre former for konkurransar. Vi kan òg hevde oss ved at vi alltid har siste mote i klesvegen, den mest moderne mobiltelefonen eller det dyraste stereoanlegget.

Steg 5: Behov for sjølvrealisering

Å realisere seg sjølv vil seie å kunne setje evnene sine ut i livet og realisere eigne draumar. Behovet for sjølvrealisering er på sett og vis umettande. Ambisjonane varierer sterkt. Eit menneske med stort behov for sjølvrealisering set seg stadig nye mål. For Roald Amundsen, Fridtjof Nansen og Thor Heyerdahl var behovet for sjølvrealisering ei konstant drivkraft, ei stadig kjelde til personleg utvikling og fornying.

Stega 4 og 5 kallar vi vekstbehov.

Maslow samanliknar behova med «trappestega» i ein pyramide. Behova på det nedste steget må tilfredsstillast før vi tenkjer på vern og tryggleik, sosial kontakt, sjølvhevding og sjølvrealisering.

Forslag til drøfting

Ta for dykk steg for steg i behovspyramiden. Drøft korleis ulike behov kan motivere til kjøp av ulike varer og tenester.

Læringsressursar

Behovsanalyse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter