Hopp til innhald

  1. Home
  2. Service og samferdsel Vg1ChevronRight
  3. Sal og serviceChevronRight
  4. BehovsanalyseChevronRight
  5. Tilfredse kundarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Tilfredse kundar

Dei fleste av oss har favorittbutikkar. Sjansen er stor for at vi går tilbake til butikkar der vi har opplevd at dei har varer som passar smaken vår. Dersom vi opplever at dei tilsette er hjelpsame og hyggelege, forsterkar det lysta til å handle der på nytt.

God service gir fornøyde gjester!

Tilfreds og trufast?

Somme meiner at velværet til kunden er eit resultat av små episodar mellom kunden og leverandøren. Detaljar blir forstørra og får avgjerande vekt, til dømes manglande oppvarting eller ein uhøfleg kommentar. Manglande reingjering av toaletta er ein gjengangar i klagesaker ved hotell, restaurantar og ventehallar. Det heiter seg at lita tue kan velte stort lass. Andre hevdar at totalinntrykket veg tyngre enn små episodar.

Tilfredse kundar er lojale

I Noreg er det i dag stor konkurranse i dei fleste bransjane. Ingen kundar er like. Derfor må vi kjenne kundane våre og forstå kva ønske og behov dei har. Vi må levere varer og tenester som kundane har behov for, med omtanke og ein kvalitet som gjer kundane nøgde. Tanken er at tilfredse kundar kjem tilbake for å handle. Og lojale kundar er lønnsame.

Misnøgde kundar er òg lojale

Norsk Kundebarometer måler trivselen og lojaliteten til norske forbrukarar. Mange forbrukarar er kvart år med i ei undersøking for å fortelje kor nøgde dei er med bedriftene dei kjøper varer og tenester frå.

Togstans
Misnøgde kundar er òg lojale. Då ein signalfeil slo ut all togtrafikken til og frå Oslo S, måtte tusentals menneske ty til andre transportmiddel. Men endå om mange klagar over forseinkingar og togstans, sluttar dei ikkje å reise med toget.


Undersøkingar viser at mange av oss er misnøgde med bankar, straumleverandørar, transportselskap og dei store matvarekjedene. Likevel held vi fram med å handle der. Kvifor? Kanskje vi legg stor vekt på nærmiljø og pris? Kva meiner du?

Læringsressursar

Behovsanalyse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter