Hopp til innhald

  1. Home
  2. Service og samferdsel Vg1ChevronRight
  3. Sal og serviceChevronRight
  4. BehovsanalyseChevronRight
  5. KundebehovChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kundebehov

Som norsk ungdom høyrer du til ei kjøpesterk gruppe. Det veit du, og det veit seljaren. Her skal vi sjå nærare på korleis kjøp av varer og tenester kan forklarast med teoriar om motivasjon og behov.

Bilde av en mann og kvinne som betaler for varer i en matvarebutikk.

Dine forbruksvanar

Dei fleste av oss har favorittbutikkar som vi ofte vender tilbake til for å handle. Kvifor er vi lojale mot visse varer og butikkar? Er det nødvendig å vere tilfreds for å gjere nytt kjøp i ein butikk? Kva gjer oss tilfredse som kundar?

Når du skal ut og handle, møter du eit stort utval varer og tenester. I eit rikt land som Noreg tilbyr butikkane alt du kan ønskje av varer og tenester. Store byar har senter og handlestrøk med hundrevis av butikkar og varer i alle prisklassar, og eksklusive forretningar med internasjonale merkevarer.

Som norsk ungdom høyrer du til ei kjøpesterk gruppe. Det veit du, og det veit seljaren. All ungdom ser ikkje etter dei same tinga. Somme ønskjer kjende merkevarer – dei berre må ha det! Andre leitar etter det billigaste, medan atter andre er mest opptekne av å finne klede som er gode å ha på kroppen.

Tenk over kva som er typisk for deg. Kvar handlar du? Kjøper du billig eller dyrt? Kva rolle spelar merkevarer? Shoppar du åleine eller saman med nokon?

Kva er ein kunde?

Ein kunde er eit individ eller ein familie som kjøper varer og tenester.

Når vi høyrer på ein samtale mellom kunde og seljar, kan det minne om ein prat mellom gode venner. Og det er ikkje overraskande, for ordet kunde kjem av det gammaltyske kund, som tyder «venn».
Likevel er det ein viktig skilnad på forholdet vårt til venner og forholdet vårt til kundar: Venner kan vi vrake om vi ikkje liker dei. Driv vi derimot med sal, må vi prøve å skape eit best mogleg forhold til kundane – anten vi liker dei eller ikkje.

For å kunne behandle kundane på ein god måte er det ein fordel å forstå kva som gjer kundane tilfredse. Tenk også på at kundane er forskjellige og har ulike ønske, behov og forventningar. Smak, alder, livssituasjon og økonomi varierer.

Læringsressursar

Behovsanalyse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter