Hopp til innhald

  1. Home
  2. Service og samferdsel Vg1ChevronRight
  3. Sal og serviceChevronRight
  4. BehovsanalyseChevronRight
  5. Kva betyr mest for deg? ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Kva betyr mest for deg?

Visse grunnleggjande behov må dekkjast for at vi skal leve og trivast som menneske. Nokre av behova, til dømes mat, drikke og klede, dekkjer vi ved å kjøpe varer og tenester. Her skal du svare på spørsmål om kva som betyr mest for deg og så sammenlikne med klassekameratane dine etterpå.

Skoleelever
  1. Kva stimulerer innsatsen din mest på skulen? (ros frå læraren, samhald i klassen, sjølvstende eller liknande)
  2. Kva gjer deg mest tilfreds på skulen? (vennskap, tryggleik, gode karakterar, eigenutvikling eller liknande)
  3. Kva trur du vil ha mest å seie for deg når du skal velje jobb? (interessante arbeidsoppgåver, respekt frå kollegaer, samhald, tryggleik eller liknande)
  4. Kva har mest å seie for deg når det gjeld skulearbeidet? (samarbeid, å kunne arbeide sjølvstendig, stabilitet eller liknande)
  5. Kva får deg til å yte mest i skulearbeidet? (klare regar, nye oppgåver, godkjenning, innverknad, gruppetilhøyrsel eller liknande)

Læringsressursar

Behovsanalyse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter