Hopp til innhald

  1. Home
  2. Service og samferdsel Vg1ChevronRight
  3. Sal og serviceChevronRight
  4. BehovsanalyseChevronRight
  5. Grunnleggjande behovChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Grunnleggjande behov

Vi bruker den amerikanske psykologen Abraham Maslows behovspyramide som grunnlag for å forstå kva ulike behov kan ha å seie ved kjøp og sal. I denne oppgåva skal du vurdere din eigen situasjon med utgangspunkt i Maslows behovsteori.

Maslows behovspyramide med ulike bakgrunner. Illustrasjon.
  1. For betre å kunne forstå kva Maslow meinte med behovspyramiden kan du prøve å tenkje på dine eigne behov.
    Kva skjer til dømes med humøret ditt eller energien din viss du er veldig svolten eller trøytt? Kor opplagt er du da til å vere saman med venner? Eller korleis er sjansane dine til å yte noko i gymmen? Tenk igjennom kva som påverkar kroppen din, og kva som må til for at du skal føle deg tilfreds. Kva for behov må vere dekte hos deg for at du skal kunne klatre i Maslows behovspyramide?
  2. Teikn og forklar Maslows behovspyramide.
  3. Kva er eit behov?
  4. Lag ei liste over behova dine. Tenk deg at du skal vere eit år på ei øyde øy. Kva må du ha tilgang til eller ha med deg til øya? Del behova dine i tre grupper: livsnaudsynte, naudsynte og slike som er kjekke å ha. Kor i Maslows behovspyramide vil du plassere dei ulike behova du har?
  5. Mange vil seie at dei må ha mobiltelfon og datamaskin. Dette er behov som ikkje fanst for 50 år sidan. Korleis har desse behova oppstått?
  6. Tenk deg at du skal byrje på ein ny arbeidsplass. Bruk Maslow til å forklare kva for behov du har samband med arbeid.
  7. Ta for dykk steg for steg i behovspyramiden. Drøft korleis ulike behov kan motivere til kjøp av ulike varer og tenester.

Læringsressursar

Behovsanalyse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter