Hopp til innhald

  1. Home
  2. Service og samferdsel Vg1ChevronRight
  3. Sal og serviceChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Sal og service

Ein salsmedarbeidar jobbar med sal og kundebehandling og yter service både til privatkundar og bedriftskundar. God og rett service er ein føresetnad for å skape fornøgde og lojale kundar. Du vil her få ei grundig innføring i fleire sentrale emne innanfor sal og service.

Fire personer viser en tommel opp. Foto.

Som salsmedarbeidar må du setje deg inn i kundens situasjon for å kunne skape gode kundeopplevingar. Du må sørgje for at kvar einskild kunde får noko han eller ho opplever som service av høg kvalitet. Du må vite kva for lovar og reglar som gjeld i sal og marknadsføring. Val mellom ulike salskanalar er óg eit viktig tema. Skal du velje analoge eller digitale salskanalar, eller begge delar?

Emner

Sal og service

  • Serviceomgrepet

    Med service meiner vi den totalopplevinga ein kunde har i samhandel med ei serviceproduserande verksemd.

  • Servicekvalitet

    Som servicemedarbeidar har du ei viktig oppgåve i å sørgje for at kvar enkelt kunde får noko han eller ho opplever som service av høg kvalitet.

  • Behovsanalyse

    Kva er motivasjon og behov? Her skal vi sjå nærmare på korleis kjøp av varer og tenester kan forklarast med teoriar om motivasjon og behov.

  • Som salsmedarbeidar må du ha kunnskap om både salsprosessen og kjøpsprosessen til kunden.

  • Her får du eit praktisk og nyttig kurs i sal og salstrening med vekt på behov og motiv, Maslows behovspyramide, salssamtalen og kjøpsåtferd.

  • Salskanalar

    Med salskanal meiner vi kanalar vi kan bruke for å få til eit sal mellom verksemd og kunde. Val av salskanalar er ein del av marknadsstategien.