Hopp til innhald

  1. Home
  2. Service og samferdsel Vg1ChevronRight
  3. HMS, etikk og personvernChevronRight
  4. Innføring i HMSChevronRight
  5. Mobbing og trakasseringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Mobbing og trakassering

Mobbing, trakassering og diskriminering som går føre seg på arbeidsplassen eller skulen, kan gi store helseproblem. Her får du ei innføring i kva vi meiner med omgrepa. Kva kan gjerast for å hindre slik krenkjande framferd?

Kvinne med skulande blikk i forgrunnen og mann med hovudet i hendene i bakgrunnen. foto.

Kva er mobbing?

Mobbing blir brukt om situasjonar der ein person over lengre tid blir utsett for negative handlingar frå andre personar i nærmiljøet, og der den som blir ramma, har vanskeleg med å forsvare seg mot handlingane.

Usemje og konfliktar mellom personar kan vere mobbing, eller dei kan utvikle seg til det. Ofte startar mobbinga i det små og utviklar seg litt etter litt.

Arbeidsmiljølova bruker ikkje omgrepet mobbing direkte, men det blir dekt av omgrepet trakassering.

Arbeidsmiljølova om krenkjande framferd

Forskrifta i arbeidsmiljølova handlar om meir enn mobbing. Mobbing, vald, rasisme og diskriminering er berre eksempel på «krenkjande ord eller handlingar». Lova gjeld også andre former for krenkjande ord eller handlingar, for eksempel negative, enkeltståande utsegner om utsjånad, klede, tru, dialekt osv.

Mobbing

Ein person blir mobba når han eller ho gong på gong og over tid blir utsett for negative handlingar frå ein eller fleire personar.

Diskriminering

Diskriminering vil seie at ein person blir dårlegare behandla eller trakassert, for eksempel på grunn av kjønn, funksjonshemming, trusvedkjenning, hudfarge, nasjonalt eller etnisk opphav. Diskrimineringa kan vere både direkte og indirekte.

Rasisme

Rasisme omfattar diskriminering på grunn av «rase», hudfarge eller nasjonalt eller etnisk opphav.

Ta mobbeofferet på alvor

Undersøkingar viser at mobbing kan gå føre seg i fleire år utan at nokon gjer noko med det. Utsiktene for mobbeofferet er ikkje gode dersom ingen grip inn i tide for å stanse trakasseringa.

Ein har spurt mange mobbeoffer om kva hjelp dei fekk då dei tok kontakt med kollegaer, leiarar eller tillitsvalde. Dei fleste av dei opplevde at det var lite hjelp å få. Somme peiker spesielt på at leiinga ikkje gjorde nokon ting.

Personar som opplever å bli utsette for mobbing, vald, rasisme eller ulike former for diskriminering, skal kunne lite på at skulen eller arbeidsplassen tek problema deira på alvor.

Både skulen og arbeidsgivaren skal, eventuelt i samarbeid med andre styringsorgan, setje i verk nødvendige tiltak for å stanse slik mobbing og diskriminering.

Opplæringslova § 9a–3 andre ledd:

«Dersom nokon som er tilsett ved skolen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skoleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn.»

Læringsressursar

Innføring i HMS