Hopp til innhald

  1. Home
  2. Service og samferdsel Vg1ChevronRight
  3. HMS, etikk og personvernChevronRight
  4. Innføring i HMSChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Helsefremjande arbeidsplassar

Du har krav på eit godt arbeidsmiljø på jobben din. Du skal kjenne deg viktig og bli ønskt velkommen på jobb kvar dag. Alle har eit ansvar for at alle har det godt på jobb. Det finst ein del krav i arbeidsmiljølova som regulerer dette med psykososialt arbeidsmiljø.

Fotokollasje for felles HMS ressurs. Foto.

Kva seier arbeidsmiljølova?

Føremålet til arbeidsmiljølova er å sikre eit arbeidsmiljø som gir grunnlag for ein helsefremjande og meiningsfull arbeidssituasjon.

Denne skal gi full tryggleik mot fysiske og psykiske skadeverknader, og ha ein velferdsstandard som heile tida er i samsvar med den teknologiske og sosiale utviklinga i samfunnet.

AML om psykolsoialt arbeidsmiljø:

§ 4-3.Krav til det psykososiale arbeidsmiljøet

(1) Arbeidet skal legges til rette slik at arbeidstakers integritet og verdighet ivaretas.

(2) Arbeidet skal søkes utformet slik at det gir mulighet for kontakt og kommunikasjon med andre arbeidstakere i virksomheten.

(3) Arbeidstaker skal ikke utsettes for trakassering eller annen utilbørlig opptreden.

(4) Arbeidstaker skal, så langt det er mulig, beskyttes mot vold, trusler og uheldige belastninger som følge av kontakt med andre.

(5) Departementet kan i forskrift gi nærmere bestemmelser om gjennomføringen av kravene i denne paragraf.

Kva kjenneteiknar helsefremjande arbeidsplassar?

Helsefremjande arbeidsplassar skaper ein gjennom ein kombinasjon av å bidra til arbeidsorganiseringa og arbeidsmiljøet, å fremje aktiv medverknad og motivere til personleg utvikling, ved å styrkje meistringskjensla til dei tilsette og skape eit meninggsfylt arbeid.

Ein helsefremjande arbeidsplass inneber at arbeidet blir organisert og tilpassa arbeidsevne, evner, alderen og andre føresetnader for den enkelte. Meistring er avgjerande.

Viktig med

  • høve til sjølvstende og samarbeid
  • eit godt sosialt samspel
  • ein god balanse mellom krav og forventningar

Mobbing på arbeidsplassen

Vi høyrer nokre gonger om mobbing på arbeidsplassen. Det står i arbeidsmiljølova at «arbeidstaker skal ikke utsettes for trakassering eller annen utilbørlig opptreden».

Filmklipp: "Mobbing i de voksnes verden"

Mobbing i vaksenverda

Inkluderande arbeidsliv på idebanken.org.

Oppgåver til filmklippet «mobbing i de voksnes verden»

Sjå filmen «Mobbing i de voksnes verden» og besvara spørsmåla.

  1. Kva kjenneteiknar mobbing i verda til dei vaksne?
  2. Kva meiner vi med indirekte mobbing?
  3. Kva kan vaksne gjere for å halde nokon utanfor?
  4. Kva er forskjellen på trakassering og mobbing?
  5. Korleis opplever mobbeofferet å bli mobba?
  6. Kva kan du gjere dersom du opplever ubehagelege situasjonar?
  7. Kva ansvar har vi som oppdagar mobbing?
  8. Vi har alle eit val. Forklar det.

Læringsressursar

Innføring i HMS

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter