Hopp til innhald

  1. Home
  2. Service og samferdsel Vg1ChevronRight
  3. HMS, etikk og personvernChevronRight
SubjectEmne

EMNE

HMS, etikk og personvern

Som servicemedarbeidar er det viktig å følgje etiske normer, reglar for personvern og krav til helse, miljø og sikkerheit. Emnet gir deg kunnskap om kor viktig dette er for å kunne yte den beste servicen overfor kundane dine.

Person løper mot nødutgangen. Foto.

Når du yter service, må du forhalde deg til ulike normer, reglar og krav. Du må behandle kundane dine på ein måte som er etisk forsvarleg. Du må kjenne til personopplysningslova som til dømes seier noko om lagring av kundane sine personopplysningar og om kameraovervaking.

Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er vesentleg for alle bedrifter, stor eller lita. Ein triveleg, trygg og sikker arbeidsplass er eit godt utgangspunkt for å gi kundane den beste servicen.

Emner

HMS, etikk og personvern

  • Innføring i HMS

    I Noreg står helse, miljø og tryggleik (HMS eller HMT) sentralt for å skape eit godt og sikkert arbeidsmiljø. Her får du ei innføring i HMS.

  • HMS i marknads- og servicearbeid

    HMS-arbeid er viktig i marknads- og servicearbeidet. Trivsel gir fornøgde tilsette, som igjen gir fornøgde kundar. Derfor er HMS-arbeid god butikk.

  • Etikk og personvern

    Yrkesetikk og personvern er noko du som servicemedarbeidar må ha eit tilhøve til. Her får du gode tips til kva du bør tenkje på.