Hopp til innhald

SubjectEmne

EMNE

Netthandel

Med netthandel meiner vi nettverksbaserte handelsløysingar for presentasjon, sal, betaling og distribusjon av produkt til ein kunde.

Illustrasjon av netthandel.

For å etablere ein netthandel treng du ein nettbutikkplan. Ein nettbutikkplan er ei oversikt over punkt du bør tenkje igjennom før du etablerer nettbutikken din. Ein strukturert og gjennomtenkt plan sikrar at du gjer dei rette vala før du går i gang med etableringa. I tillegg til den tekniske drifta av netthandelsløysinga må vi ta hand om den daglege drifta av sjølve nettbutikken. Det er viktig for at nettbutikken skal vere attraktiv for kunden og føre til sal. I dette emnet lærer du litt om kva som krevst av deg når du skal drifte ein nettbutikk.