Hopp til innhald

Bygg og anlegg

    Yrkesutøving

    For at vi skal byggje hus, vegar, kraftverk og alt anna vi har behov for, trengst det mange forskjellige yrke. Her presenterer vi mange av yrka. Du får vite kva dei forskjellige handverkarane gjer. Vi viser noko av den grunnleggjande kunnskapen som trengst for å arbeide i byggjebransjen.

    Anleggsmaskinførar

    Anleggsmaskinførarfaget går ut på å bruke og vedlikehalde anleggsmaskinar og tilleggsutstyr med HMS i høgsetet. Planlegging og gjennomføring høyrer med, og samarbeid med andre er ein føresetnad i yrkesutøvinga.